«Tonight» er ein song skriven av David Bowie og Iggy Pop for Iggy-albumet Lust for Life, som kom ut i 1977. Songen vart seinare spelt inn på nytt som tittelsporet for Bowie sitt Tonight.
Bowie spelte inn songen som ein duett med Tina Turner, i 1984 for det nye albumet, og gav han ut som singel. Albumet inneheldt òg to nye songar skrivne i lag med Pop (mellom anna B-sida til «Tonight»,«Tumble and Twirl») - noko enkelte meinte Bowie gjorde som ei teneste for venen sin, som på denne tida sleit økonomisk. Den originale muntlege introduksjonen frå versjonen i 1977 syner at teksten er til ein kjæraste som er i ferd med å døy av ein heroinoverdose. Denne delen vart fjerna frå Bowie sin versjon, som på dette viset endra tydinga av songen. Bowie hevda på denne tida at han ikkje ønskte å påføre denne teksten på TUrner, men det er meir truleg at han gjorde songen mjukare for å gjere han meir kommersiell.
Den reggae-aktige versjonen av songen vart rekna som ein stor flopp, og nådde berre 53. plass i Storbritannia, samstundes som albumet fall raskt på albumlista. Singelen nådde likevel førsteplassen i Polen.
Innhald 7"-singel «Tonight» – 3:43 «Tumble and Twirl» – 4:56
12"-singel «Tonight (Vocal Dance Mix)» - 4:29 «Tumble and Twirl (Extended Dance Mix)» – 5:03 «Tonight (Dub Mix)» – 4:18
Medverkande David Bowie – vokal Tina Turner – vokal Carlos Alomar – gitar Carmine Rojas – bassgitar Omar Hakim – trommer Guy St Onge – marimba Produksjon David Bowie – plateprodusent Derek Bramble – produsent Hugh Padgham – produsent
Salslister Liste (1984–85) PlasseringAustralia (Kent Music Report) 70US Mainstream Rock (Billboard) 32
Tonight (Live)
Bowie spelte songen på ein konsert med Tina Turner den 23. mars 1985 på konserten hennar i National Exhibition Centre i Birmingham. Denne versjonen finst på konsertalbumet til Turner, Tina Live in Europe som kom ut tre år seinare. Han vart då gjeven ut som singel i 1988 og gjekk til topps i Nederland.
Salslister og salstrofé
Vekeslister Liste (1984) Plassering
Liste (1988–89) PlasseringEurope (European Hot 100 Singles) 70Tyskland (Official German Charts) 39
Årslister Liste (1989) PlasseringBelgium (Ultratop 50 Flandern) 18Nederland (Nederlandsk Topp 40) 5Nederland (Single Top 100) 11
Salstrofé og salstal
Andre versjonar Herman van Veen - ein nederlandsk versjon kalla «De Laatste Dans».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tonight (Iggy Pop song)» frå , den 22. september 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Iggy Pop-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar skrivne av Iggy Pop Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Hugh Padgham Kategori:Reggaesongar