Tin Machine Live: Oy Vey, Baby er eit konsertalbum og ein konsertvideo av det engelsk-amerikanske rockebandet Tin Machine, opphavleg gjeve ut på London Records i 1992.
Albumet inneheld songar spelte inn mellom 20. november 1991 og 11. februar 1992 frå fem ulike spelestader på den nordamerikanske og asiatiske delen av It's My Life-turneen. Konsertvideoen er ein enkelt konsert hovudsakleg frå The Docks i Hamburg den 24. oktober 1991.
Albumet fekk stort sett negativ kritikk og vart det første albumet med Bowie sidan debutalbumet frå 1967 som ikkje gjekk inn på albumlista i Storbritannia.
Tin Machine Live: Oy Vey, Baby var det siste albumet til Tin Machine før dei var toppløyste.
Albumtittelen Tittelen vart eit forslag frå Hunt Sales og var eit ordspel på U2-albumet Achtung Baby (1991). Planar om eit andre konsertalbum (Use Your Wallet, eit anna ordspel frå Sales, denne gongen frå Guns N' Roses-albuma Use Your Illusion I og II) vart skrinlagd då Oy Vey, Baby selde dårleg og fekk dårleg kritikk.
Mottaking Bowie-biografen Nicholas Pegg klaga over at albumet hadde eit «stygt, utydeleg omslag», «ein useieleg misforstått tittel», og ei fantasilaus speleliste som inkluderte ein 8 minutt lang versjon av den «frykta» «Stateside», som i lag førte til dårlege sal og meldingar. Likevel sa han «det er eigentleg ikkje eit dårleg album». Stephen Erlewine frå Allmusic.com kalla albumet «ikkje nok til å berge mengda av dei underutvikla songane som dannar ryggraden på plata.»
Innhald
Medverkande
Musikarar: David Bowie – vokal, gitar, saksofon Reeves Gabrels – sologitar, korvokal Hunt Sales – trommer, perkusjon, vokal Tony Sales – bass, korvokal Eric Schermerhorn – gitar, korvokal
Produsentar: Reeves Gabrels Max Bisgrove Tom Dubé Dave Bianco David Bowie
Video I motsetnad til albumet som bestod av opptak frå ulike stader på turneen, vart konserten på videoen filma på ein enkel konsert på The Docks i Hamburg den 24. oktober 1991. VIdeoen er 88 minuttar lang og vart distribuert av PolyGram Video Limited i Storbritannia.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tin Machine Live: Oy Vey, Baby» frå , den 12. september 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Konsertalbum frå 1992 Kategori:Tin Machine-album Kategori:London Records-album Kategori:Album produserte av Reeves Gabrels Kategori:Album produserte av David Bowie