Stripegås (Anser indicus) er ein gåseart som hekkar i Sentral-Asia i koloniar ved høgtliggjande innsjøar på Tibetplatået nordaust til Mongolia. Dei overvintrar i Sør-Asia, så langt sør som på det indiske subkontinentet.
Skildring Fuglen er bleik grå og kan lett skiljast frå dei andre grågjæsene i slekta Anser med kvitt hovud, hals og strupe, og svarte tverrstriper på hovudet og svart ned langs nakken. Dei er òg mykje bleikare enn dei andre gjæsene i denne slekta. I flukta ropar dei med typisk gåsetuting. Vaksne fuglar er 71–76 centimeter i lengd og veg 1,87 til 3,2 kilo.
Utbreiing mini|venstre|Stripegåsgruppe i Haryana i India.
Sommarhabitata er ved høgtliggjande innsjøar der fuglen beitar på kort gras. Om sommaren lever dei innanfor landegrensene av Russland, Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Mongolia og Kina, og hekkar hovudsakleg på Tibetplatået. Hoa legg 3–8 egg i kullet i reir på bakken.
Stripegåsa er rekna å vere ein av dei høgastflygande fuglane i verda under trekk, pålitande registreringar med sporingsteknologi har synt at dei har nådd 6437 moh.Than (2011) i Himalaya, jamvel om somme gjev 9000 moh.Scott og Milsom (2007) som ei maksimal flygehøgd for stripegåstrekket. Det er no kjent at dei tilsynelatande finn lågare trekkruter gjennom pass over fjella. Under vårtrekket nordover frå låglandet i India til hekkeområda på Tibetplatået gjer dei flyginga over Himalaya utan stopp på så lite som sju timar. Overraskande, trass føreseieleg bakvind som blæs nord og opp Himalaya, vil stripegjæser unngå vind, og ventar til det stilnar av, deretter gjer dei den største stinging under flyging som nokosinne er registrert for fugl, frå nær havnivå til høgda i Himalaya og dei opprettheld høgda i fleire timar.Hawkes et al (2011) Stripegåsa er kjent for å vere godt rusta for denne utruleg utfordrande migrasjon. Vengene har ei litt større bereflate for kroppsvekta enn andre gjæser, noko som blir trudd å hjelpe gåsa til å flyge i stor høgd.Lee, S.Y., Scott, G.R., Milsom, W.K.2008 Have wing morphology or flight kinematics evolved for extreme high altitude migration in the bar-headed goose? Comparative Biochemistry and Physiology - C Toxicology and Pharmacology 148 (4):324-331 Studiar har funne at dei pustar djupare og meir effektivt under tilhøve med lågt oksygeninnhald.William K. Milsom and Graham Scott (2008) Respiratory adaptations in the high flying bar-headed goose. Comparative Biochemistry and Physiology Part C: Toxicology & Pharmacology 148(4):460 doi:10.1016/j.cbpc.2008.10.047 Hemoglobinet i blodet deira har ein høgare oksygenaffinitet enn blant andre gjæser.Liu, X.-Z., Li, S.-L., Jing, H., Liang, Y.-H., Hua, Z.-Q., Lu, G.-Y. 2001 Avian haemoglobins and structural basis of high affinity for oxygen: Structure of bar-headed goose aquomet haemoglobin. Acta Crystallographica Section D: Biological Crystallography 57 (6):775-783
Stripegåsa trekkjer sør og over Himalaya for å halde seg gjennom vinteren i delar av Pakistan, Nepal og landa rundt Bengalbukta medrekna India. I India frå Assam til så langt sør som Tamil Nadu.Takekawa et al (2007) Vinterhabitata er dyrka marker, der dei beitar på bygg, ris og hvete, og kan derfor skade avlingar. Fuglar frå Kirgisistan er registerert på rasteplassar i vestlege Tibet og sørlege Tadsjikistan i 20 til 30 dagar før dei held fram lenger sør.
Fuglearten fekk merksemd frå medisinsk vitskap som eit tidleg offer av H5N1-viruset, høgpatogen fugleinfluensa, i Qinghai, Kina.Cui, Hou og Tang (2011) Stripegjæser er utsett for predasjon frå kråker, rev, ramn, bandhavørn, måsar og andre.
Dei er ofte haldne i fangenskap, i Europa finst ein forvilla stamme og det blir gjort regelmessige observasjonar av stripegjæser i Noreg.Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7Søk på artsobservasjoner.no
Galleri
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Bar-headed Goose» frå , den 29. september 2011
P. Cui, Y. Hou, M. Tang, Movement patterns of Bar-headed Geese Anser indicus during breeding and post-breeding periods at Qinghai Lake, China Journal of Ornithology (2011) 152: 83–92
John Y. Takekawa et al,Geographic variation in Bar-headed Geese Wildfowl (2009) 59: 100–123
Ker Than, Highest Flying Bird Found; Can Scale Himalaya for National Geographic News, 10. juni 2011, henta 29. september 2011
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Andefamilien