The Cockettes var ei psykedelisk transvestitt-gruppe starta av Hibiscus (George Edgerly Harris III) hausten 1969, då Hibiscus budde i Kaliflower (Friends of Perfection Commune) i San Francisco. Truppen vart danna av ei gruppe mannlege og kvinnelege hippiekunstnarar i Haight-Ashbury, og gjorde skandaløse parodiar på musikalar og vart eit kultfenomen i undergrunnen som førte til at han etter kvart vart meir ålment kjend.
I 1971 delte gruppa seg i to forskjellige grupper, The Cockettes og The Angels of Light. The Cockettes fortsette som betalte artistar, medan Angels of Light valde å gjere friteater med gratis inngang.
The Cockettes hadde ei viss innverknad på den visuelle utviklinga av glamrock.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Cockettes» frå , den 30. september 2011.
Kategori:Dragshow Kategori:Kultur i San Francisco