Ann-Kristin Olsen () er ein norsk jurist og fylkesmann i Vest-Agder fylke sidan 1998. Gift med Henrik Rolf Pettersen.Ann-Kristin Olsen – utdypning (NBL-artikkel)
Ho er kjent som den fyrste kvinnelege politimeisteren i Noreg, og den fyrste kvinnelege sysselmannen på Svalbard.
Tidleg liv Ann-Kristin Olsen var fødd i Stockholm kort tid før slutten av andre verdskrig, sidan mora hennar valde å føde henne der grunna den tyske okkupasjonen. Familien flytta kort etter tilbake til Kristiansand, og Olsen voks opp der. Etter å ha gjort ferdig utdanninga ved Kristiansand katedralskole i 1965 byrja ho på studiane av rettsvitskap og fekk ein cand.jur. i 1972. I sine yngre dagar skal ho ha delteke på den fyrste markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo.
Karriere Ann-Kristin Olsen jobba ved Follo politikammer i 1976, og ho vart den fyrste kvinnelege politiinspektøren i landet etter å gått gradane frå politifullmektig og politiadjutant. I 1983 vart ho den fyrste kvinnelege politimeisteren i Noreg, og ho heldt til i Halden. I denne stillinga var ho ansvarleg for etterforskinga av seriedrapa i Tistedalen.
Frå 1995 til 1998 var ho sysselmann på Svalbard, nok ein gong som fyrste kvinne til å ha denne stillinga. Ho måtte hanskast med fleire utfordringar der, mellom anna då sysselmannskontora brann ned, Operafjellulykka i 1996 som tok 141 liv, og ulykka i Barentsburg i 1997 som tok 47 liv. Då den treårige perioden som sysselmann på Svalbard gjekk ut, vart Ann-Kristin nemnt ut som fylkesmann i Vest-Agder fylke.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ann-Kristin Olsen» frå , den 1. oktober 2011.
Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Fødde i 1945 Kategori:Fylkesmenn i Vest-Agder Kategori:Sysselmenn på Svalbard Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske politimeistrar