Transformer er det andre studioalbumet til den amerikanske rockemusikaren Lou Reed. Det vart produsert av David Bowie og Mick Ronson og kom ut i november 1972 på RCA Records.
Det vert rekna som eit innverknadsrikt landemerke innan glamrock, forankra i den suksessrike singelen, «Walk on the Wild Side», som rørte ved dåverande kontroversielle tema som seksuell orientering, kjønnsidentitet og dopmisbruk. Sjølv om det sjølvoppkalla debutalbumet til Reed ikkje hadde vore ein suksess, var Bowie stor fan av det tidlegare bandet til Reed, The Velvet Underground, og brukte sin eigen kjendisstatus til å fremje Reed, som enno ikkje hadde slått gjennom kommersielt.
Bakgrunn I motsetnad til føregangaren Lou Reed, inneheldt Transformer hovudsakleg nye songar. Fire av dei er derimot frå The Velvet Underground-dagane: «Andy's Chest» vart først spelt inn av bandet i 1969 og «Satellite of Love» vart spelt inn som ein demo i 1970. Desse versjonane kom ut på høvesvis VU og Peel Slowly and See. For Transformer vart tempoet skrudd ned på desse songane.
«New York Telephone Conversation» og «Goodnight Ladies» vart spelte på konsertane til bandet sommaren 1970 medan dei var ein periode på Max's Kansas City. Refrenget på sistnemnte kjem frå siste linja i den andre delen («A Game of Chess») av T.S. Eliot-diktetThe Waste Land: «Good night, ladies, good night, sweet ladies, good night, good night», som i seg sjølv er eit sitat frå Ophelia i Hamlet.
Som det hadde vore i Velvet Underground dagane, hadde Reed eit sterkt samband til kunstnaren Andy Warhol. I følgje Reed sa Warhol til han at han burde skrive ein song om nokon som var vonde («vicious»). Reed spurte kva han meinte med vond, og Warhol sa, «Åh, du veit, som at eg slår deg med ein blome», som førte til songen «Vicious».
Produksjon Transformer vart produsert av David Bowie og Mick Ronson, som begge var særs inspirert av Reed sitt arbeid med Velvet Underground. Bowie hadde referert til Velvet Underground på plateomslaget til albumet Hunky Dory og ofte spelt både «White Light/White Heat» og «Waiting for the Man» på konsertar og på BBC i 1971–1973. Han spelte til og med inn «White Light/White Heat» for å ha den med på Pin-Ups, men han vart aldri gjort ferdig. Ronson nytta dette opptaket som akkompagnement på soloalbumet sitt Play Don't Worry i 1974.
Mick Ronson var på denne tida sologitarist i bandet til Bowie, The Spiders from Mars, og spelte ei stor rolle i innspelinga av albumet i Trident Studios i London som medprodusent og den viktigaste studiomusikaren (på gitar, piano, blokkfløyte og korvokal), i tillegg til at han var arrangør. Han er særleg kjend for det svulstige strykearrangementet på «Perfect Day». Reed hylla mellom anna bidraga til Ronson i Transformer-episoden av dokumentarserien Classic Albums og trekte særleg fram korleis vokalen vart tona ut for å trekke fram strykarane. Songane på albumet er no av dei mest kjende songane til Reed, som «Walk on the Wild Side», «Perfect Day» og «Satellite of Love», og den kommersielle suksessen til albumet heva han frå kultstatus til ei internasjonal stjerne.
Plateomslag Plateomslaget var eit bilete teken av Mick Rock. Fotografiet vart overeksponert og då han framkalla det i mørkerommet la Rock merke til at det var feil, men likte likevel resultatet og brukte det til omslaget.
Rock sa: «Då eg synte Lou bileta fokuserte han med ein gong på biletet som hamna på Transformer. Eg framkalla det sjølv - som eg vanlegvis gjorde på den tida. Den første testen eg laga var uskarpt og overeksponert. Lou elska resultatet. Det tok meg tolv forsøk på å gjenskape feilen for ein større versjon av biletet for plateomslaget».https://www.facebook.com/photo/?fbid=397633541718418&set=a.219133926235048
Karl Stoecker (som òg tok bileta til dei første tre Roxy Music-plateomslaga) tok biletet på baksida av ei kvinne og ein mann. Kvinna er supermodellen Gala Mitchell. Mannen er Ernie Thormahlen (ein ven av Reed). Mannen verkar å ha ein tydeleg ereksjon, men Reed har fortalt at det var ei banan som Thormahlen stakk ned i buksa før biletet vart teke.
Utgjeving Den første singelen frå albumet, «Walk on the Wild Side», vart ein internasjonal suksess, trass i det kontroversielle temaet. Teksten nemner transeksuelle tema, sexhandlingar og narkotika, som førte til at songen vart redigert i somme land og bannlyst i andre. Songen vert rekna som signaturlåten til Reed i dag av fans og kritikarar. «Satellite of Love» kom ut som den andre singelen i februar 1973. I 2002 kom det ut ei 30-årsjubileumsutgåve av albumet. Det inneheld demoversjonar av «Hangin' Round» og «Perfect Day», og eit løynd spor med ein reklame for albumet. Etter at Reed døydde i oktober 2013 steig det digitale salet av Transformer, «Walk on the Wild Side» og «Perfect Day» med meir enn 300 %, og «Walk on the Wild Side» gjekk inn på den nye Billboard Rock Digital Songs-lista på ein 38. plass.
Mottaking
I ei middels melding for Rolling Stone skreiv Nick Tosches at songane «Satellite of Love», «Vicious», «Walk on the Wild Side» og «Hangin' 'Round» uttrykte ein stimulerande seksualitet og at «Reed sjølv seier han syns albumet er flott. Eg trur ikkje det er på langt nær så godt som det han kan. Han verkar å ha evna til å komme opp med noko verkeleg farleg, kraftfull musikk, ting som folk som Jagger og Bowie berre har vore så vidt borti.» I ei seinare melding for The New Rolling Stone Album Guide (2004), skreiv Tom Hull at Reed «skreiv ei rekkje smarte, nye songar og prøvd å utnytte produsenten David Bowie sin androgyne glamrocktrend, noko som fungerte bra nok til at 'Walk on the Wild Side' slo gjennom»
I 1997 vart Transformer kåra til det 44. beste albumet gjennom tidene av ei «Music of the Millennium»-undersøking gjort i Storbritannia av HMV Group, Channel 4, The Guardian og Classic FM. I 2000 vart det plassert på 58. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums. Transformer er òg rangert på 55. plassen på lista til NME over dei beste albuma gjennom tidene. I 2003 vart albumet plassert på 194. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og hadde same plass på den reviderte lista i 2012. På den nye lista deira i 2020 var albumet flytta opp til 109. plassen. Albumet vart òg inkludert på lista til magasinet Q over dei 100 beste albuma gjennom tidene.
I 2018 publiserte 33⅓ ei bok av musikaren Ezra Furman om Transformer.
Innhald
Medverkande Henta frå Transformer-omslaget. Lou Reed – solovokal; rytmegitar Mick Ronson – sologitar; piano; blokkfløyte; strykearrangement David Bowie – korvokal; klaverinstrument; akustisk gitar på «Wagon Wheel» og «Walk on the Wild Side» Herbie Flowers – bassgitar; kontrabass; tuba på «Goodnight Ladies» og «Make Up» John Halsey – trommer
Andre medverkande Trevor Bolder – trompet Ronnie Ross – sopransaksofon på «Goodnight Ladies»; barytonsaksofon på «Walk on the Wild Side» Thunderthighs – korvokal Klaus Voormann – bassgitar på «Perfect Day», «Goodnight Ladies», «Satellite of Love» og «Make Up» Barry DeSouza – trommer Ritchie Dharma – trommer
Produksjon David Bowie – produsent Mick Ronson – produsent Ken Scott – lydteknikar
Salslister ListePlasseringAustralia (Kent Music Report)12UK Albums Chart13Nederland11US Billboard Top LPs & Tape29
Sal og salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Transformer (album)» frå , den 2. oktober 2011 og 29. mars 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1972
Kategori:Lou Reed-album Kategori:Album produserte av David Bowie Kategori:Album produserte av Mick Ronson Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:USA-amerikanske glamrockalbum Kategori:RCA Records-album Kategori:Plateomslag av Mick Rock 194 109