Live: Take No Prisoners er det tredje konsertalbumet til den amerikanske rockemusikaren Lou Reed. Det kom ut i 1978 og var eit dobbeltalbum, spelt inn i The Bottom Line i New York City.

Reed har fleire lange og morosame monologar mellom songane, mellom anna om opphavet til «Walk on the Wild Side» og ein tale mot musikkmeldarar, særleg Robert Christgau.

Innspeling Live: Take No Prisoners vart spelt inn i perioden då Reed nytta binaurale innspelingar på albuma sine, der eit mannekenghovud med mikrofonar i kvart øyre vart nytta til å ta opp lyden. På baksida av plateomslaget står det: «Produsert av Lou Reed for Sister Ray Enterprises LTD. Dette er ei binaural lydinnspeling.»

Bruce Springsteen, som snakka nokre linjer på studioversjonen av songen «Street Hassle», var i publikum under innspelinga av konsertalbumet. Under framføringa av «Walk on the Wild Side» på Take No Prisoners snakkar Reed til musikaren i publikum og sa «Hei Bruce. Springsteen er bra, forresten. Han får godkjent av meg. Eg syns han er groovy.»

Reed sa seinare, «alle seier at eg aldri snakkar. Eg var i heimbyen min New York, så eg snakka... eg tenkte på å kalle albumet Lou Reed Talks, And Talks, And Talks... men me kalla det Take No Prisoners fordi me gjorde ein jobb, ei fenomenal tinging på eit lite hotell i Quebec. Brått sat denne fulle fyren aleine heilt framme og ropte 'LOU!! MAN!! TAKE NO PRIS'NERS, LOU!!'. Og så tok han hovudet sitt og slo det så hardt han kunne til trommerytmen. Og det var berre halvvegs gjennom!»

Plateomslag Illustrasjonane på plateomslaget vart offisielt tilskriven Brent Bailer men den spanske illustratøren Nazario vann i 2000 eit søksmål etter det vart avgjort at den originale teikninga var blitt teikna av han for ei magasinframside i 70-åra. RCA måtte betale Nazario 4 millionar pesetas (kring 24 000 euro). Nazario har sagt at om Lou Reed hadde spurt han om løyve, ville han truleg ha gjeve han det gratis.

Mottaking

Alex Neilson skreiv i The Wire at «dette er albumet eg valde å hugse Reed for. Umotivert, konfliktfylt, øydelagd av sin eigen glans – men som med judomeisteren som bruker styrken til motstandarden mot han, utnyttar Reed nettopp desse ingrediensane til å lage noko verkeleg overskridande.» AllMusic sa «I dei få augneblinka når Lou er foksuert nok til å faktisk framføre ein song frå start til slutt (som »Pale Blue Eyes» or «Coney Island Baby»), er han i fin form, og høyrest lettslept, men entusiastisk ut, men desse augneblikka skjer ikkje særskild ofte.» Christgau sa det var «i røynda ei komedieplate. Lenny Bruce er ein tydeleg innverknad. Og eg takkar Lou for å uttale namnet mitt rett.»

Innhald

Medverkande Lou Reed - vokal, gitar, Roland gitarsynthesizer Stuart Heinrich - gitar, korvokal Marty Fogel - elektrisk saksofon Michael Fonfara - Yamaha elektrisk piano Ellard «Moose» Boles - bass, korvokal Michael Suchorsky - trommer Angela Howell - tamburin, korvokal Chrissy Faith - korvokal Teknisk Miksa av Manfred Schunke i Delta Studio i Wilster i Tyskland Lydteknikar - Gregg Caruso, Jay W. Krugman, Julie Last Assisterande lydteknikar - René Tinner Mastering av Ted Jensen i Sterling Sound i NYC

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Live: Take No Prisoners» frå , den 6. april 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Album produserte av Lou Reed Kategori:Lou Reed-album Kategori:Konsertalbum frå 1978 Kategori:Arista Records-album Kategori:Album spelte inn i The Bottom Line Kategori:Binaurale innspelingar