Woodstock Music & Art Fair (ofte berre kalla Woodstock eller Woodstockfestivalen) var ein musikkfestival, omtalt som «Ein eksposisjon i vassmannen sin alder: 3 dagar med fred og musikk». Han vart halde på jordet til Max Yasgur, som hadde ein meierigard nær grenda White Lake i byen Bethel i New York, frå 15. til 18. august 1969. Bethel ligg 69 km sørvest for byen Woodstock i New York.

Under den noko regnfulle helga spelte 32 band og artistar føre 500 000 menneske. Det vert av mange rekna som den største og viktigaste hendinga i pophistoria og vart av Rolling Stone skildra som 50 augneblink som endra rockehistoria.

Hendinga vart dokumentert i dokumentarfilmen Woodstock i 1970, og eit filmmusikkalbum, medan Joni Mitchell skreiv songen «Woodstock» til minne om hendinga. Songen vart ein hit for Crosby, Stills, Nash & Young.

Planlegging og førebuing Woodstock vart sett i gang av Michael Lang, John Roberts, Joel Rosenman og Artie Kornfeld. Det var Roberts og Rosenman som hadde finansane. Lang hadde erfaring som organisator og hadde alt organisert den største festivalen på austkysten til då, Miami Pop Festival, der om lag 100 000 menneske møtte opp dei to dagane festivalen varte. Dei sette følgjande annonse inn i The New York Times og The Wall Street Journal under namnet Challenge International, Ltd.: «Unge menn med uavgrensa kapital på utkikk etter interessant, legitim investeringshøve og føretaksforslag.»

Lang og Kornfeld såg annonsa, og fire menn kom i lag for å diskutere eit tilfluktsstad-liknande platestudio i Woodstock, men ideen utvikla seg til ein utandørs musikk- og kunstfestival. I starten hadde dei planar om ein mindre festival, med kanskje nokre av dei store artistane som budde i Woodstock-området (som Bob Dylan og The Band). Det var skilnader mellom dei fire: Roberts var disiplinert, og visste kva ein trong for at det heile skulle bli ein suksess, medan den tilbakelente Lang såg Woodstock som ein ny og avslappande måte å føre forretningsfolk saman. Det var òg tvil om føretaket, sidan Roberts vurderte å trekke seg ut av prosjektet eller halde fram å pumpe sine eigne pengar inn i det.

I april 1969 var dei nye superstjernene Creedence Clearwater Revival dei første til å signere for festivalen, og ønskte å spele for $10 000. Organisatorane hadde funne det vanskeleg å få andre store namn til området, før Creedence signerte. Trommeslagaren i bandet Doug Clifford sa seinare: «Så snart Creedence signerte, så kom alle dei andre store artistane etter». Creedence spelte kl. 03 på natta og frontmannen John Fogerty ønskte ikkje å vere med i den påfølgjande filmen, så Creedence-medlemmane har sidan vore noko bitre over opplevinga si på festivalen.

Woodstock vart starta som eit føretak som skulle gå med overskot, høvande kalla «Woodstock Ventures». Det vart først ein gratiskonsert først etter det var klart hendinga tiltrekte seg hundretusenvis fleire folk enn arrangørane hadde rekna med. Billettane for festivalen kosta 18 dollar på føreskot (tilsvarte i 2009 kring 105 dollar etter å ha tilpassa kjøpekraft og 75 dollar etter å ha justert for inflasjon)CPI Conversion factors 1774 to est. 2018, in dollars of 1996 og 24 dollar ved betaling ved inngangen for alle tre dagane. Billettsalet var avgrensa til plateforretningar i New York City-området, eller via post ved Radio City Station postkontor i Midtown Manhattan. Kring 186 000 billettar vart selde på førehand og arrangørane rekna med at kring 200 000 ville møte opp.

Val av konsertstad mini|Publikum og scenen i 1969. Konserten skulle opphavleg finne stad i Mills Industrial Park () i byen Wallkill, som Woodstock Ventures hadde leigd for $10 000 våren 1969.Tiber, Elliot. "How Woodstock Happened... Part 1, Discoverynet, reprinted from The Times Herald-Record, Woodstock Commemorative Edition (1994) Funksjonærar i byen vart sikra om at det ikkje ville kom fleire enn 50 000. Innbyggjarane i byen var i mot prosjektet. Tidleg i juli vedtok byrådet ei lov som kravde løyve for alle samlingar på over 5000 personar. Den 15. juli 1969 avslo Wallkill Zoning Board of Appeals konserten på grunnlag av at dei planlagde berbare toaletta ikkje ville møte krava til byen. Reports about the ban, however, turned out to be a publicity bonanza for the festival.Tiber, Elliot. "How Woodstock Happened... Part 2, Discoverynet, reprinted from The Times Herald-Record, Woodstock Commemorative Edition (1994) mini|venstre|Garden til Max Yasgur. I følgje Elliot Tiber i boka hans Taking Woodstock frå 2007, tilbaud Tiber seg å ha konserten på motell-området sitt, og hadde løyve for ei slik hending. Han hevdar å ha introdusert arrangørane for mjølkebonden Max Yasgur. Lang hevdar derimot at Tiber tar feil og seiar at Tibert introduserte han for ein eigedomsmeklar, som køyrte han til garden til Yasgur utan Tiber. Sam Yasgur, somen til Max, støttar Lang på dette. Området til Yasgur danna eit naturleg amfiteater nedover mot Filippini Pond på nordsida av området. Scenen vart plassert ved foten av åsen med Filippini Pond i bakgrunnen. Vatnet vart ein populær stad for nakenbading.

Arrangørane fortalte igjen styresmaktene i Bethel om at dei ikkje venta meir enn 50 000 menneske.

Trass i motstand frå innbyggjarane, godkjende styresmaktene i Bethel konserten, men byrådet nekta å gje formelt løyve.

Gratiskonsert Denne seine endringa i kvar konserten skulle haldast, gav ikkje arrangørane nok tid til å førebu seg. Eit møte tre dagar før festivalen starta, følte arrangørane at dei hadde to val. Det eine var å prøve å utbetre gjerda og tryggleiken som kunne ha ført til vald, og den andre var å leggje alle ressursane deira i å gjere ferdig scenen og la Woodstock Ventures ta det økonomiske tapet. Gjerdet vart lagt ned kvelden før konserten starta.

Festivalen Det store publikumsinntoget til den landlege konsertstaden, førte til omfattande trafikkproblem i Bethel. Det vart sendt ut mange meldingar på radio og fjernsyn om dei store trafikkproblema og at vegar inn i området vart stengde. A state police official said, "We're just going to reroute everybody; Sullivan County is filled up." I tillegg hadde regn ført til gjørmete vegar og jorde. Fasilitetane var ikkje godt nok utstyrte til å stette behova for reinhald og førstehjelp for dei mange menneska som kom. Hundretusenvis kjempa mot dårleg vêr, mangel på mat og dårleg hygiene.

Morgonen sundag, den 17. august, ringte guvernøren i New York, Nelson Rockefeller, arrangøren John Roberts og fortalte han at han vurderte å kalle inn 10 000 frå nasjonalgarden til festivalen. Roberts klarte å overtale Rockefeller om å ikkje gjere dette. Sullivan County erklærte unntakstilstand.

Sjølv om festivalen gjekk særs fredfullt for seg med tanke på kor mange folk og tilhøva som var involverte, så vart det registrert tre dødsfall. Ein trur det eine var ein heroinoverdose og eit anna ei ulukke då ein traktor køyrde over ein mann på eit jorde. Det vart òg registrert to fødslar under festivalen og fire abortar.

I takt med det idealistiske håpet i 1960-åra, var folk flest nøgd under Woodstock. Det var ei kjensle av sosial harmoni, god musikk, og enorme folkemengder.

Etter konserten såg Max Yasgur, som eigde staden der konserten vart halden, det som ein siger for fred og kjærleik.

Lyd Lyden under konserten vart styrt av Bill Hanley, som hadde gjort nyvinningar i lydindustrien som gav han den prestisjefulle Parnelli Award.Bill Hanley: Father of Festival Sound «Det fungerte særs bra», sa han om hendinga. «Eg bygde spesielle høgtalarsøyler på åsane og hadde 16 høgtalarar på ei firkanta plattform oppover mot åsen på 21 meter høge tårn. Me sette det opp for 150 000 til 200 000 folk. Og det kom sjølvsagt 500 000.»

Artistar Trettito artistar spelte i løpet av dei fire dagane konserten varte:

Fredag 15. august Richie Havens Swami Satchidananda - påkalla festivalen Sweetwater Bert Summer Ravi Shankar Tim Hardin Melanie Arlo Guthrie Joan Baez

Laurdag 16. august Quill, 40 minuttar og fire songar Country Joe McDonald John Sebastian Santana Keef Hartley Band The Incredible String Band Canned Heat Mountain Grateful Dead Creedence Clearwater Revival Janis Joplin med The Kozmic Blues Band Sly & the Family Stone The Who starta kl. 0400 og spelte 25 songar inkludert Tommy Jefferson Airplane

Sundag 17. august til mandag 18. august The Grease Band Joe Cocker Country Joe and the Fish Ten Years After The Band Blood, Sweat & Tears Johnny Winter med broren, Edgar Winter Crosby, Stills, Nash & Young Paul Butterfield Blues Band Sha-Na-Na Jimi Hendrix

Avslåtte invitasjonar Bob Dylan, som budde like ved festivalområdet vart aldri seriøst vurdert. I staden reiste Dylan til Isle of Wight Festival of Music den 31. august. The Beatles/John Lennon: Det finst to soger om kvifor The Beatles ikkje spelte. Den første var at arrangørane kontakta John Lennon for å diskutere ei Beatles-framføring på Woodstock, og Lennon sa at the Beatles berre ville spele om dei òg laga plass for Yoko Ono sitt Plastic Ono Band, noko han fekk avslag på. Den andre var at The Beatles var i ferd med å bryte saman. Dei hadde heller ikkje halde konsertar sidan august 1966. Jeff Beck Group skulle opphavleg spele på sundagen, men berre nokre dagar før Woodstock, forlet Nicky Hopkins bandet og resten av gruppa vart oppløyst. Nicky Hopkins spelte derimot på Woodstock i lag med Jefferson Airplane. The Doors vart vurderte for konserten, men avslo i siste augneblikk. Visstnok var dette fordi dei meinte det ikkje kunne toppe Monterey Pop Festival, men dei angra seinare på avgjersla. Led Zeppelin vart beden om å spele, men manageren Peter Grant sa nei, sjølv om dei var interesserte, fordi dei berre ville vere enno eit band på konsertlista. The Byrds vart inviterte, men valde å ikkje delta, sidan dei rekna med at Woodstock ikkje kom til å vere noko annleis enn dei andre festivalane denne sommaren. Dei var òg uroa over pengane. Tommy James and the Shondells avslo ein invitasjon.Liner notes to Tommy James and the Shondells: Anthology (album #R2 70920); compilation produced by Bill Inglot and Gary Peterson; Rhino Records Inc.; pp8&12. The Moody Blues skulle opphavleg spele, men valde å trekke seg då dei vart booka i Paris same helga. Spirit avslo òg ein invitasjon om å spele, sidan dei alt hadde planlagt andre konsertar og ikkje visste kva Woodstock kom til å bli.Liner notes on their album "Clear" Joni Mitchell skulle opphavleg spele, men avslo for å spele på The Dick Cavett Show. Roy Rogers avslo ein invitasjon om å spele."Woodstock producer: Roy Rogers, not Hendrix, could have closed" Washington Examiner, august 10, 2009

Mediaomtale Få journalistar utanom lokale journalistar dekte hendinga. Dei første par dagane av festivalen, la det nasjonale media vekt på problema, men meldingane vart meir positive mot slutten av festivalen, delvis fordi foreldra til konsertgåarane ringde media og fortalte dei at rapportane deira var feil.Woodstock Now & Then VH1 and The History Channel 2009 Documentary

Filmar

Dokumentarfilmen Woodstock, regissert av Michael Wadleigh og redigert av Thelma Schoonmaker og Martin Scorsese, kom ut i 1970. Artie Kornfeld (ein av arrangørane) kom til Fred Weintraub, ein direktør i Warner Bros., og bad om pengar for å filme festivalen. Tidlegare hadde Kornfeld fått avslag alle andre stader. Weintraub gav Kornfeld $100 000 for å lage filmen.

Wadleigh fekk med seg eit mannskap på kring 100 frå filmmiljøet i New York. Utan pengar til å betale mannskapet, fekk han i stand ein avtale der dei skulle få dobbel betaling om filmen vart ein suksess og ingenting om det gjekk dårleg. Wadleigh prøvde å lage ein film som omhandla hippiane like mykje som musikken, lytta til kjenslene deira om hendingar som skjedde samstundes som festivalen (som vietnamkrigen), i tillegg til dei fastbuande sitt syn.