Ronald Frank «Ron» Asheton ()http://www.nme.com/news/the-stooges/41900 var ein amerikansk gitarist og låtskrivar som saman med Iggy Pop spelte i rockebandet The Stooges.

Asheton er rangert på 29. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.

The Stooges Asheton var fødd i Washington D.C.http://www.mlive.com/news/ann-arbor/index.ssf/2009/01/stooges_gitarist_ron_asheton.html Han hadde alt spelt trekkspel i fem år då han byrja å spele bassgitar 10 år gammal. Asheton var sologitaristen på dei to første albuma til The Stooges og var bassist på det tredje, Raw Power, då han vart erstatta som gitarist av James Williamson. Då the Stooges vart samla att i 2000-åra, var Asheton igjen gitaristen i bandet. Han spelte i bandet i lag med broren Scott Asheton

Anna arbeid Bortsett frå The Stooges, spelte Asheton òg i banda The New Order (ikkje det britiske bandet New Order), Destroy All Monsters, Dark Carnival, New Race og The Empty Set.

Asheton var òg skodespelar og spelte i Mosquito i 1995, i tillegg til i Frostbiter: Wrath of the Wendigo og Legion of the Night.

Død Asheton vart funnen død i senga si av politiet i huset sitt i Ann Arbor den 6. januar 2009. Han skal ha døydd av eit hjarteattak nokre dagar tidlegare.http://www.rollingstone.com/rockdaily/index.php/2009/01/06/the-stooges-gitarist-ron-asheton-found-dead-at-60/&cid=1287493994&usg=AFQjCNEOtyovODI9Ikioskg4ursVNXhTPQ Sonic Youth-albumet The Eternal er tileigna han.

Diskografi Med the Stooges The Stooges (1969) Fun House (1970) Raw Power (1973) The Weirdness (2007)

Med The New Order New Order (1977) Victim Of Circumstance (1989) Declaration of War (1990)

Med Destroy All Monsters November 22nd 1963 (1989) Bored (1999) - innspelt 1978

Med New Race The First and Last (1982) The First To Pay (1989) The Second Wave (1990)

Med Dark Carnival Live - Welcome to Show Business (1990) Greatest Show in Detroit (1991) Last Great Ride (1996) HOTBOX Greatest Hits 6 Disc set (2006)

Med The Empty Set Thin Slim & None/Flunkie (1996)

Med Powertrane Ann Arbor Revival Meeting (2003)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ron Asheton» frå , den 14. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Intervju med Ron Asheton i sept. 2007, Radio France International Ron Asheton: Calling From The Funhouse på i94Bar.

Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Sologitaristar Kategori:Folk frå Washington, D.C. Kategori:Folk frå Ann Arbor Kategori:Protopunk-artistar Kategori:The Stooges-medlemmar