Jørgen Breder Faye () var ein norsk handelsmann og politikar.
Faye arbeidde som handelsmann på Bryggen i Bergen. I 1856 blei han oppnemnd som direktør i den nyleg oppretta Bergen Privatbank, ei stilling han hadde til 1903. Han sat i Bergens byråd i mange år og var ordførar i 1862. Han sat tre periodar i Stortinget; 1856-58, 1865-67 og 1868-71.
Utmerkingar Faye vart riddar av St. Olavs Orden i 1857, i 1891 fekk han kommandørkrossen og i 1895 blei han kommandør av 1. klasse. Han var òg riddar av Nordstjerneordenen.Jørgen Faye frå Norsk biografisk leksikon
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske finansfolk Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar for Bergen Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen