Rolf Herman Nevanlinna () er kanskje den mest kjende finske matematikaren. Han er særleg kjent for arbeidet sitt med teori om funksjonar, Nevanlinna-teorien. I tillegg var han særs opptatt av kultur og politikk. Han var ein aktiv medlem av det finske nasjonalistiske partiet IKL og av den finske pro-tyske rørsla. Nevanlinna var òg ein talentfull amatørmusikar.
Han var professor i Helsingfors frå 1926 og var rektor ved Helsingfors universitet frå 1941 til 1945. Frå 1948 hadde han ei forskarstilling ved Det finske akademiet. Han fekk tilbodet om fleire utanlandske professorat, men oppheldt seg i Helsingfors heile livet, bortsett frå kortare besøk.
I 1981 vart det oppretta ein matematikkpris i hans namn, Rolf Nevanlinna-prisen, som vert delt ut kvart fjerde år.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rolf Nevanlinna» frå , den 19. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Nevanlinna i MacTutor: History of Mathematics archive Nevanlinna i Mathematics Genealogy Project
Kategori:Finske matematikarar Kategori:Matematikarar på 1900-talet