Alexander Grothendieck () er ein tysk-fransk matematikar.

Frå 1959 til 1970 var han professor i matematikk ved IHES (Institut des hautes études scientifiques) i Paris. Han gjorde banebrytande arbeid innanfor algebraisk geometri, og medverka til teorien for topologiske vektorrom, særskild dei såkalla nukleære romma. Han fekk tildelt Fields-medaljen i 1966 for den samle forskingsinnsatsen sin. I 1986 vart han saman med Pierre Deligne tildelt Crafoord-prisen, som vert delt ut av Det svenske vitskapsakademiet, men denne avslo han.

Han trekte seg tilbake i 1988 og eit par år seinare busette han seg i Pyreneane der han lever i isolasjon frå omverda.

Kjelder Alexandre Grothendieck. (2011-10-23) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Alexandre_Grothendieck

Kategori:Franske matematikarar Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Fieldsmedaljen Kategori:Folk frå Berlin Kategori:Statslause folk Kategori:Matematikarar på 1900-talet