Welcome to My Nightmare er det åttande albumet til Alice Cooper, gjeven ut i 1975. Dette var det første albumet til Alice Cooper som soloartist (alle dei tidlegare Alice Cooper-albuma var gjeven ut som eit band). Plateomslaget var laga av Drew Struzan for Pacific Eye & Ear. Rolling Stone rangerte det seeinare som eit av dei 100 beste plateomslaga gjennom tidene.http://rateyourmusic.com/lists/list_view?list_id=12793&show=50&start=50
Welcome to My Nightmare er eit konseptalbum. Songane, høyrt i rekkefølgje, dannar ei reise gjennom mareritta til eit barn kalla Steven. Welcome to My Nightmare inspirerte fjernsynsserien Alice Cooper: The Nightmare og ein verdsomfattande konsertturne i 1975, samt konsertfilmen Welcome To My Nightmare i 1976.
Songen «Welcome to my Nightmare» er ein parodi på romanen «There's a Nightmare in My Closet» av Mercer Mayer frå 1968.
Den kjende filmskodespelaren frå skrekksjangeren, Vincent Price, held monologen i starten av songen «The Black Widow».
Den nymastra CD-versjonen hadde tre songar som bonusspor.
I 2011 gav Alice Cooper ut oppfølgjaren Welcome 2 My Nightmare.
Innhald
Medverkande Alice Cooper - Vokal Bob Ezrin - Synthesizer, arrangement, klaverinstrument, vokal, produsent, Fender Rhodes, miksing Vincent Price - Spesialeffektar, vokal Dick Wagner - Elektrisk og akustisk gitar, vokal Steve Hunter - Elektrisk og akustisk gitar Josef Chirowski - Synthesizer, klaverinstrument, vokal, clavinet, Fender Rhodes Prakash John - Bass Tony Levin - Bass Pentti "Whitey" Glan - Trommer Johnny "Bee" Badanjek - Trommer David Ezrin - Vokal Gary Lyons - Vokal Michael Sherman - Vokal, produksjonsassistent Gerry Yons - Gitar
Lister Liste (1975)PlasseringBillboard Pop Albums5
Singlar ÅrTittelListePlassering1975«Only Women Bleed» (gjeven ut som «Only Women»)Billboard Hot 100121975«Department of Youth»Billboard Hot 100671975«Welcome to My Nightmare»Billboard Hot 10045
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Welcome to My Nightmare» frå , den 24. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Alice Cooper Welcome To My Nightmare turneprogram
Kategori:Alice Cooper-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Rockeoperaer Kategori:Album produserte av Bob Ezrin Kategori:Konseptalbum