«You and Me» er ein song frå 1977 av Alice Cooper og den første singelen frå albumet hans Lace and Whiskey.
Songen var ein easy listening-ballade som nådde 9. plass på den amerikanske singellista i 1977. Songen vart den siste store hitten til Cooper før «Poison» 12 år seinare.
Cooper spelte ofte «You and Me» på konsertane sine i 1977 og 1978. Han song òg songen på The Muppet Show i 1978Ultimate Disney Muppet Show DVD info, som ein duett.
Frank Sinatra framførte «You and Me» som ei hyllest til Cooper etter at Cooper hadde hjelpt ein ung gut inn på ein baseball-kamp. Guten viste seg å vere sonen til ein av dei beste venane til Sinatra.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «You and Me (Alice Cooper song)» frå , den 24. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Alice Cooper-songar Kategori:Songar frå 1977 Kategori:Singlar frå 1977 Kategori:Softrocksongar