Raise Your Fist and Yell er det 17. studioalbumet til Alice Cooper, gjeve ut 5. september 1987. Det inneheld songen «Prince of Darkness», som det vart nytta eit kort klipp av i John Carpenter-filmen med same namn, der Cooper spelar ein omvandrande mordar. Ein kan høyre songen på walkmanen til ein av offera. Det vart laga ein musikkvideo for songen «Freedom» som vart ein hitsingel frå albumet.

Albumet heldt fram slaktarfilm-trenden frå det førre albumet til Cooper, Constrictor. På «Lock Me Up» er Robert Englund, som spelte Freddy Krueger i A Nightmare On Elm Street-serien, gjesteartist.

Albumet ser ut til å følgje ei historie om ein seriemordar som er er besett av skrekkfilmar.

Turneen etter albumet, kalla «Live in the Flesh», var berykta i Europa for den biletlege valden og dei teatralske effektane sine. Showet omfatta mange av dei gamle favorittane til Cooper, som galgen, men òg nye effektar som å spidde ein person med ein sykkel. Mange av effektane var kraftig inspirerte av skrekkfilmane frå denne tida med mykje sceneblod.

Showet vart rekna som så valdeleg at dei tyske styresmaktene fekk Cooper til å fjerne dei valdelegaste effektane frå showet. David Blunkett prøvde å få heile showet bannlyst frå Storbritannia i det britiske parlamentet, men klarte det ikkje.

Innhald

Medverkande Alice Cooper - Vokal Kane Roberts - Gitar Kip Winger - Bass Paul Horowitz (Paul Taylor) - Klaverinstrument Ken K. Mary - Trommer

Lister ÅrListePlassering1987The Billboard 200731987Storbritannia481987Sverige15

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Raise Your Fist and Yell» frå , den 24. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Alice Cooper-album Kategori:Album produserte av Michael Wagener Kategori:Konseptalbum