Oban (An t-Òban på skotsk-gælisk, som tyder «Den vesle bukta») er ein by i regionen Argyll and Bute i Skottland. Han har kring 8 500 innbyggjarar.

Sjølv om staden er av audmjuk storleik, er det den største byen mellom Helensburgh og Fort William. I turistsesongen aukar innbyggjartalet til byen til over 25 000 menneske. Oban ligg vent til ved Firth of Lorn, med utsikt til øyane Kerrera og Lismore. Turistattraksjonar i Oban inkluderer The Waterfront Centre, St. Columba-katedralen, Oban-destilleriet, Dunollie Castle, Dunstaffnage Castle og McCaig's Tower.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oban» frå , den 27. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Argyll and Bute