Lockerbie (skotsk-gælisk Locarbaidh) er ein by i regionen Dumfries and Galloway i sørvestlege Skottland. Han har kring 4 500 innbyggjarar. Han er mest kjend som åstad for Lockerbie-saka, ei ulukke som fann stad då restane av eit passasjerfly styrta der i desember 1988 etter ei terroristbombe ombord på flyet.

Den dominerande bygningen i byen er rådhuset, som er eit godt døme på skotsk baronistil. Han er bygd i lokal raud sandstein. Ved sida av står eit minnesmerke over dei falne i andre verdskrigen.

Byen har, for storleiken sin, eit godt utvikla transportnett. Han ligg ved vegen A47, og har ein jernbanestasjon. Den lokale økonomien var lenge avhengig av handel med stor- og småfe, noko nærleiken til grensa til England gjorde lukrativt. Det blir enno halde saueauksjonar i byen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lockerbie» frå , den 27. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Dumfries and Galloway