Kirkcaldy (skotsk-gælisk Cair Chaladain) er ein by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 48 000 innbyggjarar. Han ligg på nordsida av Firth of Forth. Byen er kjent for produksjon av linoleum og for sitt årlege, vekeslange Links Market, som er den lengste gatemarknaden i Europa og som i 2004 feira 700-årsjubileum. Kirkcaldy har ei av dei lengste utbygde kystgatene i Europa.

Namn Namnet «Kirkcaldy» er avleidd frå piktisk , 'festning' og , som anten tyder 'hard' eller er eit personnamn. Tydinga av namnet kan dermed anten vera 'den harde festningen' eller 'Caled-festningen'.Taylor and Márkus 2006, s. 487.

Historie Det første dokumentet som nemner byen er frå 1075, då kong Malcolm III (regjerte 1058–93) gav heradet Kirkcaladunt til kyrkja i Dunfermline.MacBean 1908, s. 33–34.Glen 2007, s. 13.

På 1600-talet vart eit av dei første latviske konsulata opna i Kirkcaldy.

Dysart, ein tidlegare by og burgh, har vorte omringa av Kirkcaldy. I 1930 vart Dysart gjort til ein del av Kirkcaldy av parlamentet.

Mellom 1975 og 1996 utgjorde byen med omland eit administrativt distrikt.

Kjende folk frå Kirkcaldy Kirkcaldy er fødestaden til filosofen og økonomen Adam Smith,Kirkcaldy Civic Society 2005, s. 67. kjend for verket The Wealth of Nations, som han skreiv i mora sitt hus her, 220 High Street, i 1765–1767.Torrie and Coleman 1995, s.29. Arkitekten og formgjevaren Robert Adam og far hans, William, var også frå byen.Kirkcaldy Civic Society 2005, s. 60. Sir Sandford Fleming (1827–1915), ein ingeniør som stod bak utviklinga av standard tidssoner over heile verda og som arbeidde på mykje av jernbanesystemet i Canada, var fødd her.Kirkcaldy Civic Society 2005, p.62. Oppdagaren John McDouall Stuart, som leia seks ekspedisjonar til det indre av og frå sør til nord av Australia, var frå Dysart.Kirkcaldy Civic Society 2005, s. 70–71.

Den britiske statsministeren Gordon Brown, som også var parlamentsmedlem for Kirkcaldy and Cowdenbeath, voks opp i byen frå han var tre år gammal.Allport, 2009, s. 18. Krimforfattaren Val McDermid vart fødd her.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kirkcaldy» frå , den 2. november 2011. Delar av denne artikkelen bygger på «Kirkcaldy» frå , den 3. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Fife