Greenock (skotsk-gælisk Grianaig) er ein by i regionen Inverclyde i Skottland. Han har kring 40 000 innbyggjarar. Han inngår i eit urbant område saman med Gourock i vest og Port Glasgow i aust. Byen har historisk status som burgh og låg i det historiske fylket Renfrewshire.
mini|venstre|Utsyn nordvestover Greenock og elva Clyde, med Golden Princess ved Greenock Ocean Terminal.
Byen ligg ved sørbreidda av Clyde, like ved utløpet i Firth of Clyde. Folketalet gjekk ned i løpet av 1900-talet, frå toppnivået 81 123 i 1921 til omkring 78 000 i 1966 og 45 467 i 2001. Då han var på det største var byen den sjette største i Skottland.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Greenock» frå , den 2. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Inverclyde