Asgeir Dølplads () var ein norsk skihoppar og frisør, fødd og død på Rena i Hedmark.
Den 1. januar 1953 vart Dølplads i Garmisch-Partenkirchen den første vinnaren av eit renn i den tysk-austerrikske hoppveka. Med hopp på 78,5 og 81 meter vann han framom austerrikaren Sepp Bradl og tyskaren Toni Brutscher. Deretter vart han nummer tre i Oberstdorf og nummer to i Innsbruck. Samanlagt vart han nummer tre i den fyrste hoppveka, bak vinnaren Sepp Bradl og landsmannen Halvor Næs. I 1956 tevla Dølplads om NM-gullet med Arne Hoel og Kjell Kopstad. Dølplads vart nummer tre, Hoel vann. I sine beste år som idrettsmann representerte Dølplads Stabæk IF.
Besteplasseringar i internasjonale renn 1952: Nr 8 i Lahti 1953: Vinnar av nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen 1955: Nr 4 i Svenska skidspelen i Nässjö
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1953: Nr 8 i Trondheim Ski-NM 1956: Bronsemedalje i Drammen Ski-NM 1957: Nr 4 i Mo i Rana
Dølplads var svigerfar til komikaren Atle Antonsen.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Folk frå Rendalen