Aboyne er ein stor landsby i regionen Aberdeenshire i Skottland. Han har kring 3 000 innbyggjarar.

Aboyne ligg ved elva Dee vest for Cairngorms, i utkanten av høglandet. Han ligg mellom Ballater i vest og Banchory i aust, næraste større by er Aberdeen kring 40 kilometer lenger aust.

Det ligg ein liten steinsirkel i landsbyen. Fleire andre steinmonument ligg i området, som den større Tomnaverie-steinsirkelen kring 3 km unna.

Aboyne Castle frå 1200-talet er eit historisk landemerke i landsbyen. Det er i privat eige som den historiske heimen til markien av Huntly, leiaren for Gordon-klanen.

Landsbyen er først og fremst kjend for å arrangere høglandsleikar, med ein tradisjon som går tilbake til 1867. Slottet Balmoral der den britiske kongefamilien ofte er om sommaren ligg om lag 20 km vest for Aboyne.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aboyne» frå , den 3. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i Aberdeenshire