Ronald Jensen (), opphavleg frå Sandnes i Sør-Varanger, er ein tidlegare skihoppar som representerte IL i BUL og fotballspelar for Stabæk Idrettsforening.

Aktiv Jensen vart nummer 15 i normalbakken under verdsmeisterskapen i Oslo i 1966. Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i 1966/67 og 1967/68, og vart begge gongane nummer 11 samanlagt. Hans beste plassering i enkeltrenn i hoppveka var fjerdeplassen i Bischofshofen 8. januar 1967. Under hopprennet i Svenska skidspelen i Falun i 1967 vart han nummer tre, bak landsmennene Lars Grini og Bent Tomtum. Han tok bronsemedalje i stor bakke på Voss under noregsmeisterskapen på ski 1967 og i stor bakke i Meldal i noregsmeisterskapen på ski 1970.

Sesongane frå 1971 til -73 spelte han på Stabæk sitt andredivisjonslag i fotball, der han var angrepsspelar.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1966: Nr 15 i normal bakke under VM i Oslo 1967: Nr 3 i Svenska skidspelen i Falun 1968: Nr 5 i Svenska skidspelen i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1965: Nr 8 i normalbakken i Oslo Ski-NM 1966: Nr 4 i storbakken på Rena Ski-NM 1967: Bronsemedalje i storbakken på Voss Ski-NM 1970: Bronsemedalje i storbakken i Meldal Ski-NM 1971: Nr 12 i storbakken i Bærum

Kjelde Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Stabæk-spelarar Kategori:Folk frå Sør-Varanger