Arne Borgstrøm () er ein tidlegare norsk langdistansesymjar frå Odda. Han tevla for Odda IL. Borgstrøm sette til saman 81 norske rekordar, og han deltok under både Sommar-OL 1976 og Sommar-OL 1984. Han mottok kongepokalen i 1977, 1978, 1980, 1982 og 1984.

Borgstrøm har 99 norske junior- og seniormeisterskap, noko som er rekord for menn. I 1982 vart han amerikansk innandørsmeister på 1650 yards frisymjing. Han tok også fjerdeplassen på 400 meter fri i Europameisterskapen i syming 1981 og sjetteplassen på 400 m medley i Verdsmeisterskapen i symjing 1982. Borgstrøm deltok i 10 nordiske meisterskap og i 73 individuelle senior-NM i perioden 1976–84 i frisymjing, medley og brystsymjing.

Arne Borgstrøm er i dag utdanna fysioterapeut og busett i Stavanger. Oddajangen.wordpress.com: Arne Borgstrøm - best uten dop

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Arne Borgstrøm» frå , den 4. november 2011.

Referansar

Bakgrunnsstoff Arne Borgstrøm på sports-reference.com

Kategori:Norske symjarar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Symjarar under sommar-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Symjarar under sommar-OL 1984 Kategori:Kongepokalvinnarar Kategori:Folk frå Odda Kategori:Norske fysioterapeutar