Taubenloch (fransk Gorges du Taubenloch) er ei kløft i kantonen Bern, oppfor Biel/Bienne i Sveits. Ho kryssar dei første fjella i Jurafjella når ein kjem frå Det sveitsiske platået.
Kløfta er kring 2 km lang og strekkjer seg frå Frinvillier (517 moh.) til Bözingen, ein forstad til Biel/Bienne (447 moh). Elva Suze renn gjennom kløfta.
Kløfta var ein av dei få naturlege stadene ein kunne krysse over Jurafjella mellom Schaffhausen og Geneve.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Taubenloch» frå , den 5. november 2011. oppgav desse kjeldene: Tourisme Bienne-Seeland: Excursion gorges du Taubenloch Tourisme Suisse: Les Gorges du Taubenloch - des Gorges vertigineuses aux portes de la ville (de Bienne) BE Division forrestière agenda de sécurisation / route romaine Nouvel éboulement: fermeture 01.08.2009 La légende de la petite colombe
Kategori:Kløfter i Sveits Kategori:Geografi i Bern