Flaktveit skole er ein barneskule på Flakveit i Åsane i Bergen kommune. Skulen vart grunnlagt i 1985 og bygd i etappar fram til 1991. Han har plass til om lag 400 elevar. Det er sju trinn, fyrste klasse til sjuande klasse. Dei fleste trinna har tre klassar, delt inn i A, B og C.

Den noverande rektoren heiter Einar Skintveit (2015), og det er om lag 50 tilsette i heil- og deltidsstillingar. Sjølve skulebygget tilhøyrer byrådsavdelinga for barnehage og skule.

Mennesket i samhandling og vekst Skulen har hovudfokus på utdanning for berekraftig utvikling og lesing. Mottoet deira er «Menneske i samhandling og vekst». Flaktveit skule vart den fyrste skulen i Bergen som byrja med avfallssortering. I 2008 fekk skulen status som «grøn skule» av Foundation for Environmental Education (FEE) og blei tildelt Hordaland fylkeskommunes miljøpris.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Skular i Åsane Kategori:Skipingar i 1985 Kategori:Miljøvern i Noreg