Bingsfossen er ein foss i Glommavassdraget like ovanfor Sørumsand. Den har eit fall på fire meter, og vart bygd ut med vasskraftverk og damluker i 1978 til Bingsfoss kraftverk.
Fylkesveg 171 går over demninga.
Like nedanfor Bingsfossen på nordsida av Glomma ligg dei einaste helleristingane på Romerike. Like ovanfor fossen på sørsida av Glomma ligg Bingsfoss stasjon på Urskog-Hølandsbanen. Nedanfor Bingsfoss ligg Bingen tømmerlenser.
Dersom det var ei sluse i samband med denne demninga og ei ved Rånåsfoss ville det vere råd å dra med fritidsbåt frå Solbergfoss i Askim, til Fåberg nord for Lillehammer i Mjøsa. Ei sluse i demninga ved Funnefoss vil kunne gi samband til Storsjøen i Odalen og Glåma til Kongsvinger kraftverk.
Nedanfor Bingenfossen vart det i 1995 funne ein stokkebåt av eik. Han har vorte kalla Sørumsbåten eller Bingenbåten, og er eldste båtfunnet i Noreg
Kjelder
Kategori:Fossar i Akershus Kategori:Glommavassdraget Kategori:Geografi i Lillestrøm