Godfrey Harold Hardy () var ein kjend engelsk matematikar. Hardy er kjend for resultata sine i talteori og matematisk analyse. Han vart kalla «Harold» av nokre få nære vener, men er elles kjend som «G.H.».

Blant ikkje-matematikarar er han nok mest kjend for essayet sitt om estetikken i matematikken: A mathematician's apology (1940). Dette verkte gjev eit godt innblikk i korleis matematikarar tenkjer, og det er skrive for folk som ikkje er matematikarar sjølv.

Hardy er òg kjend for å ha teke seg av den indiske matematikaren Srinivasa Aiyangar Ramanujan. Sjølv har Hardy sagt at oppdaginga av Ramanujan er dei viktigaste bidraga hans til matematikken.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «G.H. Hardy» frå , den 14. november 2011.

Bakgrunnsstoff G.H. Hardy - MacTutor History of Mathematics archive

Kategori:Engelske matematikarar Kategori:Folk frå Surrey Kategori:Talteoretikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Copleymedaljen Kategori:Matematikarar på 1900-talet