John Henry Newman () var ein engelsk teolog, kardinal og salmediktar.
Newman var ein av leiarane i Oxfordrørsla, men konverterte til katolisismen i 1845. Som teolog la han stor vekt på den historiske utviklinga av kristentrua og det vekte mishag hos kyrkjeleiinga.
Dei samla skriftene til Newman omfattar 40 bind, og 21 000 brev etter han er bevart. Han er mest kjend for den sjølvbiografiske Apologia pro vita sua (1864).
22. januar 1991 utnemnde pave Johannes Paul II Newman til venerabilis («vørdnadsverd») som er det andre steget i kanoniseringsprosessen. Pave Benedikt XVI saligkåra han 19. september 2010.
Salmen «Leid, milde ljos»«Leid, milde ljos» ved aasentunet.no er omsett frå «Lead, Kindly Light, amid the encircling gloom», som Newman skreiv i 1833.
Newman var bror til Francis William Newman.
Sjå òg Oxfordrørsla
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Newmaninstituttet Tekster om og av Newman Cardinal Newman: Doctor of the Church? Zenit News Agency 22. oktober 2008
Kategori:Folk frå London Kategori:Britiske kardinalar Kategori:Britiske teologar Kategori:Engelske teologar Kategori:Engelske kardinalar