Louis Jacques Mandé Daguerre () var ein fransk oppfinnar, kjemikar, fotograf og kunstnar. Han fann opp daguerrotypien, som var ein forløpar til moderne fotografi.

Daguerre arbeidde som teatermålar i Paris frå 1807 til 1818. Her utvikla han i 1822 ein kulisse som vart kalla diorama, som gjorde det mogleg raskt å skifte bakgrunnsbilete på scena. I produksjonen av desse bileta brukte Daguerre camera obscura.

Gjennom arbeidet med camera obscura kom Daguerre i kontakt med Nicéphore Niepce, og dei innleidde eit samarbeid der dei ekperimenterte med forskjellige metallfilmar. Omkring 1831 framstilte han plater med eit tynt sjikt lyskjenleg sølvjodid, og i 1837 oppdaga han at ein kunne fiksere sølvjodidet med salt. Oppfinninga gjorde det mogleg å ta varige bilete, og denne oppfinninga fekk namnet daguerrotypi.

Daguerre har også gitt namn til eit krater på månen og asteroide 3256 Daguerre.

Bakgrunnsstoff Daguerreotypen (1839) (svensk) ved runeberg.org

Kategori:Franske fotografar Kategori:Franske kunstnarar