Trelerke (Lullula arborea) er ein fugl i lerkefamilien.

Trelerke er ein fåtalig art i Noreg der han har nordvestgrensa for førekomsten sin i Europa. Arten hekkar fåtalig i Oslofjord-området, særleg i Østfold, og vestover til Agder-fylka. Han hekkar òg i dei sørlege delane av Hedmark.

Arten er knytt til glisne furuskogar eller skogbryn ved tørre opne område. Føda består i hovudsak av invertebrater i hekkesesongen, og plantemateriale om vinteren. Trelerka overvintrar i Sør-Europa.

Raudlistevurdering Konklusjon: Trelerke blir vurdert til rødlistekategori sårbar VU, på bakgrunn av bestandsestimater og basert på kriteriet D1 (250-1000 reproduserande individ).

Arten blir nedgradert til nær trua NT° sidan bestandane i nabolanda våre tilsynelatande er solide og delvis aukande, noko som betyr at arten kan reetablerast dersom han i periodar skulle forsvinna frå Noreg. Det er likevel behov for kunnskap om bestandsutviklinga i åra framover.

Kjelder Referansar

Kategori:Lerkefamilien Kategori:Fuglar i Noreg