Anne Marie Ottersen Lindtner () er ein norsk skodespelar frå Kongsberg.

Karriere

Ottersen voks opp på Kongsberg. Etter examen artium og eitt år som lærar, starta ho å studera ved Statens teaterhøgskole i 1966. Frå 1968 - 69 var ho elev ved Oslo Nye Teater, der ho debuterte som skodespelar. I 1970 vart ho tilsett ved Nationaltheatret. Ho har i tillegg vore innom både Fjernsynsteatret, Det Norske Teatret og Den Nationale Scene, men har hatt Nationaltheatret som sin faste arbeidsplass. Ho har også hatt fleire roller i Radioteatret, m.a. som Fru Alving i Gengangere av Ibsen.

Ho filmdebuterte i 1969 i Psychedelica Blues av Nils-Reinhardt Christensen. Seinare spelte ho leiande roller i Voldtekt (1971) og som Mie i dei tre Hustruer-filmane av Anja Breien. I dei seinare åra hugsar mange Anne Marie Ottersen i rolla som Pia i Fredrikssons fabrikk, Eva Holm i Holms, Amalie i Amalies jul og Wenche i Bot og bedring.

Anne Marie Ottersen var styremedlem i Norsk Skuespillerforbund 1984–85 og hatt ei rekkje verv på Nationaltheatret. I 1997 var ho programleiar for underhaldningsprogrammet Colosseum på TV Norge saman med Stein Johnsen. Ottesen deltok også i Skal vi danse i 2010.

Ottersen har vore gift med skodespelaren Lasse Lindtner sidan 1990.

Heider

1985: Blå Fugl-prisen til Radioteatret 1986: Amandaprisen for Beste kvinnelege hovudrolle i Hustruer - ti år etter

Rolleliste (utval)

Film og fjernsyn

1969: Psychedelica Blues (Film) 1971: Voldtekt (Film) 1972: Fleksnes fataliteter (Film) 1975: Hustruer (film) 1979: Ingen roser...takk (Film) 1984: Lars i porten (Film) 1985: Hustruer - ti år etter (Film) 1990: Fredrikssons fabrikk (Fjernsynsserie) 1995: Hustruer 3 (Film) 1995: Amalies jul (Fjernsynsserie) 1996: Bot og bedring (Fjernsynsserie) 2002: Sejer - djevelen holder lyset (Fjernsynsserie) 2002: Holms (Fjernsynsserie) 2005: Import eksport (Film) 2011: Arme riddere (Film)

Teater

Polly Peachum i Tolvskillingsoperaen (Bertolt Brecht) Stella Kowalski i En sporvogn til begjær (Tennessee Williams) Maggie i Katt på hett blikktak Tennessee Williams Fru Quickly i De lystige koner i Windsor (Shakespeare) Martha i Hvem er redd for Virginia Woolf? (Edward Albees) Magdelone i Erasmus Montanus (Ludvig Holberg) Bestemor Skogmus i Dyrene i Hakkebakkeskogen (Thorbjørn Egner) Tante Sofie i Folk og røvere i Kardemomme By (Thorbjørn Egner) Antigone (Sofokles) Gwendolen Fairfax i Hvem er Ernest? (Oscar Wilde) Bianca i Troll kan temmes (Shakespeare)

Kjelder

NBL-artikkel om Anne Marie Ottersen, skriven av Lillian Fjæren Johnsen.

Filmrollene er henta frå profilen på filmfront.no Profil hjå Nationaltheatret. Bokmålswikipedia om Anne Marie Ottersen, henta inn 21. november 2011.

kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar kategori:Norske skodespelarar kategori:Vinnarar av Amandaprisen kategori:Folk frå Kongsberg