Kalvøya er ei øy i Oslofjorden. Øya ligg i Bærum kommune og er tilgjengeleg over ei gangbru frå Kadettangen i kommunesenteret Sandvika.
Kalvøya var i gamle dagar beitemark for Kjørbo gård. Kommunen kjøpte øya i 1939.
Øya var frå 1971 til 1997 arena for musikkfestivalen Kalvøyafestivalen. I 1999 og 2000 vart festivalen arrangert under namnet Øyafestivalen. Frå 2001 har Øyafestivalen gått føre seg i Middelalderparken i Oslo, og deretter på Tøyen i Oslo.
Bakgrunnsstoff Bilete av gangbrua Om naturistområdet på austsida
Kategori:Geografi i Bærum Kategori:Oslofjorden Kategori:Øyar i Akershus