mini|Den engelske flygaren Amy Johnson i 1938. Amy (uttalt /eimi/) er eit kvinnenamn, ei engelsk-amerikansk form av det franske namnet Aimée, som tyder 'elska, kjær' – jamfør latin amata, 'elska'.
mini|Skodespelaren Amy Adams blei fødd på ei tid då mange amerikanske jenter fekk namnet «Amy».
Bruk Namnet Amy har tradisjonelt vore mykje brukt i USA, særleg ved midten av 1900-talet. Det hadde ein topp i 1975, då oppimot 2,1 % av nyfødde jenter fekk namnet. Det har også vore populært i fleire andre land, og var i 2011 det 14. mest brukte namnet i Irland og Skottland og det 27. mest brukte i Nederland.
Bruken av namnet i Noreg Namnet kom i bruk i Noreg på 1800-talet, registrert brukt på ein treåring i Vestre Aker i folketeljinga for 1865.
I folketeljinga frå 1900 var 23 personar listeført med namnet Amy. I 2011 hadde 326 norske kvinner Amy til første fornamn.
Kjende namneberarar Amy Lowell (1874–1925), USA-amerikansk forfattar Amy Johnson (1903–1941), engelsk flygar Amii Stewart (f. 1956), USA-amerikansk songar Amy Thomson (f. 1958), USA-amerikansk forfattar Amy Grant (f. 1960), USA-amerikansk artist Amy Brenneman (f. 1964), USA-amerikansk skodespelar Amy Adams (f. 1974), USA-amerikansk songar og skodespelar Amy Acker (f. 1976), USA-amerikansk skodespelar Amy Lee (f. 1981), USA-amerikansk songar, kjend frå Evanescence Amy Winehouse (1983-2011), britisk artist Amy Kuney (f. 1985), USA-amerikansk musikar Amy Macdonald (f. 1987), skotsk songar og låtskrivar Amy Diamond (f. 1992), svensk songar
Sjå òg
Folketeljingar i Digitalarkivet
Kjelder
Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991 ISBN 2-521-3604-4
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av engelsk opphav Kategori:Namn knytte til kjærleik