Keith Jarrett () er ein amerikansk jazzpianist.

Eit særdrag ved spelet til Jarrett er vidfamnande soloimprovisasjonar der han trekker inn element ikkje berre frå jazzen men òg frå musikkformer som til dømes klassisk musikk, gospel, blues og verdsmusikk. Improvisasjonane er dokumentert i usedvanleg omfangsrike liveinnspelingar, mellom anna Solo Concerts Bremen/Lausanne, The Köln Concert, The Sun Bear Concerts.

Liv og verk Keith Jarrett voks opp som den eldste av i alt fem brør. Han fekk klaverundervisning frå treårsalderen og sju år gammal stod han på scena for første gong. I åra etter heldt han fleire konsertar og i 1962 framførte han ein totimars konsert han hadde skrive sjølv – utan å ha fått korkje orkestrering- eller komposisjonsundervisning. I samråd med mora avslo han eit tilbod om å studere hos Nadia Boulanger i Paris. Jarrett studerte på Berklee College of Music in Boston, men braut av etter eit år. Etter ei stund som barpianist arbeidde han frå 1963 med kjente jazzmusikarar som Chet Baker, Lee Konitz og i lengre tid med Art Blakey. I 1966 engasjerte han saksofonisten Charles Lloyd, reiste på fleire europaturnear og spelte på Monterey Pop Festival og Fillmore West med bandet sitt. I 1968 starta han ein trio med bassisten Charlie Haden og trommeslagaren Paul Motian, og i åra 1971 til 1976 var dei forsterka av saksofonisten Dewey Redman i det som blir kalla the American quartet.

På slutten av 1960-åra var Jarrett blitt kjent ut over den inste kjernen av jazzinteresserte, men det eigentlege gjennombrotet kom da han i 1969 blei medlem av Miles Davis sin jazzrockgruppe. Jarrett var i Miles Davis lineup fram til 1971 og spelte hovudsakleg elpiano og elektronisk orgel.

Etter tida med Davis starta ei tid som soloartist og innspeling av eigne album, fram til 1975 heldt han rundt 50 solokonsertar over heile verda. Nokre av desse er dokumentert; til dømes på Solo Concerts Bremen/Lausanne (1974) og The Köln Concert (1975), og dei høyrer overraskande nok til bestseljarane hos det vanleg interesserte jazzpublikummet i 1970-åra. Opptaka frå fem solokonsertar i Japan med til saman 40 000 tilhøyrarar blei i 1979 gitt ut som ein samlekassett med 10 LP'ar under tittelen «Sun Bear Concerts».

Omtrent på same tid formidla produsenten Manfred Eicher kontakt med musikarar som saksofonisten Jan Garbarek, bassisten Palle Danielsson og trommisen Jon Christensen (Belonging, 1974, My Song, 1978) i det som blir kalla the European quartet. Tidleg på 1970-talet var Jarrett òg open for å spele med andre musikarar, som Freddie Hubbard, Airto Moreira, Kenny Wheeler (Gnu High, 1975) og Charlie Haden (Closeness).

Ved sidan av konsertaktiviteten tok Jarrett til å interessere seg for klassisk musikk og instrument som var uvanlege i jazzsamanhang. Albuma Hymns, Spheres (1976) og Invocations – Moth and the Flame (1979) blei spelt inn på eit kyrkjeorgel, Book of Way (1986) på eit klavikord og innspelingar av Bach-verka Goldbergvariasjonane (1989) og Das Wohltemperierte Klavier (1987/90) spelte han delvis inn på eit cembalo.

I 1983 fekk han nye impulsar til pianotrioformatet gjennom eit samarbeid med Gary Peacock på bass og Jack DeJohnette på trommer. Dei spelte ein god del standarlåtar og derfor blir kalla Standards Trio. Det blei gjort ei rekke innspelingar med denne gruppa, dei fleste live.

På midten av 1990-talet blei Jarrett råka av en myalgisk encefalomyelitt (ME), og først i 1998 kunne han litt om litt spele piano igjen. Etter å ha friskna til spelte han inn soloalbumet The Melody at Night, with You som opphavleg var meint som ei privat julegåve til kona. Han fortsette konsertaktiviteten med trioen. Dei viktigaste oppaka hans på 2000-talet er Always Let Me Go (2001), Up for It (2002) og solo-doppelt-CD'en «Radiance» (2005).

Diskografi (utval) Solo live 1971: Facing You, solodebut 1973: Solo Concerts, Bremen/Lausanne 1975: The Köln Concert 1976: Sun Bear Concerts 1976: Sphere 1981: Bregenz-Concerts 1988: Paris Concert 1991: Vienna Concert 1995: La Scala 2005: Radiance 2006: The Carnegie Hall Concert 2009: Paris/London - Testament

I studio eller med gruppe 1962: Swinging Big Sound, med Don Jacoby and the College All-Stars 1966: Buttercorn Lady, med Art Blakey and the New Jazz Messengers 1966: Dream Weaver, live, med Charles Lloyd 1967: Forest Flower, live, med Charles Lloyd 1967: Love-In, live, med Charles Lloyd 1967: Journey Within, live, med Charles Lloyd 1968: Charles Lloyd in Europe, live i Aulaen, med Charles Lloyd 1971: Facing You 1971: Gary Burton & Keith Jarrett 1974: Belonging, med Jan Garbarek, Palle Danielsson og Jon Christensen 1976: Staircase 1978: My Song, med Jan Garbarek, Palle Danielsson og Jon Christensen 1983: Standards 1986: Book Of Ways 1987: Dark Intervals 1991: 24 Preludes and Fugues op. 87 (Sjostakovitsj) 1993: Bye Bye Blackbird 1998: The Melody At Night, With You 2004: The Out-of-Towners, live 2010: Jasmine, med Charlie Haden

Prisar (utval) 2004: Léonie Sonnings musikkpris

Litteratur Ian Carr: Keith Jarrett: The Man and His Music. 1992 ISBN 0-586-09219-6 Ian Carr: Digby Fairweather, Brian Priestley. 'The Rough Guide to Jazz'. 2003 ISBN 1-84353-256-5 Uwe Andresen: Keith Jarrett. Sein Leben, seine Musik, seine Schallplatten. Gauting-Buchendorf: Oreos, 1985, ISBN 3-923657-09-9 Peter Ruedi: Keith Jarrett: Die Augen des Herzens, i: Idole: Nur der Himmel ist die Grenze, red. av Siegfried Schmidt-Joos, Ullstein 1985, ISBN 3-548-36514-0

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Keith Jarrett» frå , den 27. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Pennsylvania Kategori:USA-amerikanske jazzpianistar Kategori:Skotsk-amerikanarar Kategori:Ungarsk-amerikanarar