John Wallis () var ein engelsk matematikar og teolog. Han var ein av grunnleggarane av the Royal Society.

Liv og virke mini|venstre|Opera mathematica, 1699

Wallis var professor i matematikk i Oxford frå 1649 og seinare hoffprest hos Karl II av England. Dei matematiske arbeida hans medverka til å skape grunnlaget for differensialrekninga. I hans Arithmetica infinitorum frå 1655, studerer han uendelege rekkjer og gjev her sitt kjende uttrykk for talet π som eit uendeleg produkt. Av dei andre matematiske arbeida hans finn ein Mathesis universalis frå 1657 og Treatise on Algebra frå 1685, der han utvida det algebraiske teiknspråket, innførte negative eksponentar og introduserte det særskilte teiknet ∞ for uendeleg.

Asteoriden 31982 Johnwallis er kalla opp etter han.

Kjelder

«John Wallis» (30. november 2011) i Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske matematikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå Kent Kategori:Engelske musikkteoretikarar Kategori:Matematikarar på 1600-talet