mini|Førstesida av «Gaudete» i Piae Cantiones. «Gaudete» (latin for 'gled dykk) er ein religiøs julesong frå 1500-talet. Songen var med i den svensk-finske songsamlinga Piae Cantiones, som blei gjeven ut i 1582 av Jacobus Finno frå Åbo.

Songen byrjar med eit refreng på to linjer som inneheld ordet «gaudete». Versa imellom har fire liner. Dei byggjer på den bøhmiske songen «Ezecheelis Porta». Medan refrenget har noter til, er det ikkje oppgjeve musikk til resten av songteksten musikk. Melodien ein vanlegvis syng denne til kjem frå eldre liturgibøker.

Den tredje sundagen i advent blir kalla gaudete-sundag i fleire vestlege kyrkjer.

Tekst

LatinOmsett Gaudete, gaudete! Christus est natusEx Maria virgine, gaudete! Gled dykk, gled dykk! Kristus er føddav Maria møy, gled dykk! Tempus adest gratiæHoc quod optabamus,Carmina lætitiæDevote reddamus. Den signa tida er komen,Det som me har lengta etter,GledesversLat oss fromt gå tilbake. (refreng) Deus homo factus estNatura mirante,Mundus renovatus estA Christo regnante. Gud er blitt eit menneske,Naturen undrar seg.Heile verda er blitt nyav Kristus konge. (refreng) Ezechielis portaClausa pertransitur,Unde lux est ortaSalus invenitur. Porten til Esekielstengd var, kan passerast.Der lyset er fødd,finst frelse. (refreng) Ergo nostra contioPsallat iam in lustro;Benedicat Domino:Salus Regi nostro. Derfor lat vår samlingNo syngja i lysetLat oss prisa Herren:Helsingar til Kongen vår. (refreng)

Innspelingar I 1973 hadde elektrisk folk-gruppa Steeleye Span ein hitt med «Gaudete», sungen a cappella. Han nådde ein 14.-plass på den britiske singellista, og er dermed ein av svært få latinske og a cappella-songar som har nådd hittlistene i Storbritannia.

Andre grupper har også spelt inn songen, som Boston Camerata til albumet A Renaissance Christmas (1991), Mediæval Bæbes for Salva Nos (1997) og Mistletoe and Wine, og El Duende til Excelsis, Volume 2: A Winter's Song. Chris Squire og eit kor spelte inn ein rockeversjon tilChris Squire's Swiss Choir (2007), og mellomalderrockegruppa Schelmish performed Gaudete on their 2006 album Mente Capti. Liz Madden song inn ein versjon til albumet My Irish Home (2010).

Koret Tenebrae har spelt inn eit arrangement av Karl Jenkins, både med perkusjon og a cappella, på albumet Gaudete (2004).

Bakgrunnsstoff Noter til Gaudete ved Choral Wiki

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gaudete» frå , den 4. desember 2011.

GAUDETE! GAUDETE! CHRISTUS EST NATUS ved hymnsandcarolsofchristmas.com Andrew Greenhill, Gaudete ved steeleye.freeservers.com

Kategori:Piae Cantiones Kategori:Finske songar Kategori:Julesongar Kategori:Mellomaldermusikk Kategori:Kyrkjemusikk Kategori:Steeleye Span-songar