Google Docs (eller Google Dokumenter på norsk) er ein gratis nettbasert kontorpakke som inneheld program som teksthandsaming, rekneark og presentasjonar.

Google Docs er laga av Google, mest kjend for søkemotoren sin, og tillet brukarar å opprette og redigere dokument på internett. Redigering av eit dokument kan utførast av fleire brukarar samtidig i sanntid. Google Docs kombinerer fleire ulike tenester, og programmet kan og importere fleire filformat. Google Docs har bakgrunn i dei tidlegare programma «Writely» og «Spreadsheets» som i oktober 2006 vart gjort om til eitt program. I tillegg vart presentasjonar innlemma i september 2007 (teknologien vart utvikla av Tonic Systems).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Google Kategori:Teksthandsaming Kategori:Web 2.0