«Don't Bring Me Down» er ein rockesong skriven av Gerry Goffin og Carole King og spelt inn i 1966 som ein hitsingel av The Animals.

Historie «Don't Bring Me Down» var den tredje songen The Animals fekk skriven for seg i Brill Building-miljøet etter «We Gotta Get out of This Place» og «It's My Life». I følgje ei soge vart alle tre bestilt i 1965 av den dåverande The Animals-produsenten Mickie Most.

The Animals hadde alltid eit noko omstridd forhold til slike songar, fordi dei visste at dei ville gje dei hittar, men føretrekte sjølv R&B-songar som dei nytta på albuma. I tillegg spelte dei no ein Goffin- og King-song, som Animals-songar Eric Burdon tidlegare tilsynelatande hadde gjort narr av i «Story Of Bo Diddley».

«Don't Bring Me Down» vart ein solid hitt og nådde sjetteplassen i Storbritannia og 12. plass i USA. Han nådde tredjeplass i Canada og vart òg ein av dei mest populære songane deira i Tyskland.

Andre versjonar New York Dolls-songar David Johansen song ein Animals-medley på konsertalbumet hans frå 1982, Live It Up som vart ein del spelt på MTV.

Tom Petty and the Heartbreakers hadde «Don't Bring Me Down» på konsertrepertoaret frå 1977 til 1986 og eit opptak vart gjeven ut på Pack up the Plantation: Live! i 1985.

Songen er òg spelt av Riki Maiocchi, Paul Shaffer og Southside Johnny.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Don't Bring Me Down (The Animals song)» frå , den 17. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Teksten på Carole King si offisielle side

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:The Animals-songar Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Songar med tekst av Gerry Goffin Kategori:Songar skrivne av Carole King Kategori:Songar produserte av Tom Wilson Kategori:Decca Records-singlar Kategori:MGM Records-singlar