Slaget ved Schellenberg, òg kjend som Slaget ved Donauwörth, vart utkjempa 2. juli 1704 under den spanske arvefølgjekrigen. Slaget var ein del av felttoget til hertugen av Marlborough for å redde hovudstaden i Habsburg, Wien, frå trugselen til den framrykkande kong Ludvig XIV sine fransk-bayerske styrkar i Sør-Tyskland. Marlborough hadde utført ein 400 km lang marsj frå Bedburg, nær Köln, den 19. mai, og i løpet av fem veker hadde han slått saman styrkane sine med styrkane til markgreven av Baden, før dei heldt fram til elva Donau. Då dei var i Sør-Tyskland var oppgåva til dei allierte å få Max Emanuel, Kurfyrsten av Bayern, til å forlate alliansen sin med Ludvig XIV og gå saman med Storalliansen, men for å tvinge fram denne saka, måtte dei allierte først sikre eit befesta bruhovud og eit magasin ved Donau, som dei kunne føre forsyningar over til sørsida av elva, i hjartet av landområda til kurfyrsten. For dette føremålet valde Marlborough byen Donauwörth.
Då kyrfyrsten og hans medkommandant marskalk Marsin fekk vite om målet til dei allierte, sende dei ut Count d'Arco med ein fortropp på 12 000 mann frå hovudleiren i Dillingen for å styrke og halde høgda i Schellenberg oppfor byen. I staden for ein langvarig omleiring, valde Marlborough å gjere eit raskt åtak før stillinga vart umogeleg å innta. Etter fleire mislukka forsøk på å storme barrikadane klarte dei allierte kommandantane med god samhandling til slutt å overta forsvararane. Det tok dei berre to timar å s ikre bruhovudet over elva i ein hard kamp, men det følgjande sigersmomentet gjekk tapt på grunn av vinglande avgjersler. Dei allierte la landområda til kurfyrsten i Bayern aude, men klarte ikkje å få Max Emanuel ut i slag eller overtale han tilbake til keisaralliansen. Først då marskalk Tallard kom fram med forsterkingar for å styrke styrkane til kurfyrsten, og prins Eugene av Savoie nådde fram ved Rhinen for å styrke dei allierte, var alt klart for den avgjerande kampen med slaget ved Blenheim månaden etter.
Bakgrunn
Slaget ved Schellenberg var ein del av felttoget til Storalliansen i 1704 for å hindre den fransk-bayerske armeen frå å true Wien, hovudstad til Habsburg-Austerrike. Felttoget starta for fullt den 19. mai då Hertugen av Marlborough starta den 400 km lange marsjen frå Bedburg nær Köln mot den fransk-bayerske armeen til Kurfyrsten av Bayern og marskalk Marsin ved Donau. Marlborough hadde først lurt dei franske kommandantane marskalk Villeroi i Dei spanske Nederlanda og marskalk Tallard langs Rhinen til å tru at målet hans var Alsace eller Moselle lenger nord, og då kurfyrsten den 5. juni fekk melding om marsjen til Marlborough frå Nederlanda rekna han korrekt med at det var Bayern som var det verkeleg målet til dei allierte.Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 173
mini|Marsjen til Hertugen av Marlborough frå Bedburg til Donau. Den 400 km marsjen var eit meisterverk i bedrag, omhyggeleg planlegging og organisering.
Keisar Leopold I ønskte å lure kurfyrsten tilbake i allianse med Det tysk-romerske riket etter at han hadde byta truskap for å kjempe for kong Ludvig XIV før krigen. Marlborough tenkte at det beste for å sikre Bayern for alliansen var å forhandle frå ei sterk stilling ved å invadere landområda til kurfyrsten, og slik håpe å overtale han til å endre side før han fekk forsterkingar.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 356. An agent of the King of Preussen was still in the Bayernn camp, negotiating with the kurfyrste for this purpose. 22. juni hadde armeen til Marlborough slått seg saman med delar av styrkane til markgreven av Baden ved Launsheim; mot slutten av juni var den samla styrken deira nær 80 000 mann (sjå kartet til høgre). Den fransk-bayerske armeen hadde leir ved Ulm og var i mindretal til dei allierte, og ein stor del av soldatane til kurfyrsten var spreidde i garnisonar i området hans så langt bort som til München og grensa til Tirol, men stillinga hans var langt frå desperat. Om han kunne halde ut ein månad, ville Tallard kome frå Rhinen med franske forsterkingar.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 355
Så snart dei allierte hadde samla styrkane sine, flytta kurfyrsten og Marsin sine 40 000 soldatar til ein forskansa leir mellom Dillingen og Lauingen på nordsida av Donau. Dei allierte kommandantane, som ikkje var villige til å gå til åtak på ei så sterk stilling med reduttar omgjeve av vatn, passerte rundt Dillingen i nord gjennom Balmershofen og Armerdingen i retning av Donauwörth. Om dei klarte å ta Donauwörth (som låg nedanfor Schellenberg) ville dei få eit bruhovud som kunne gje forsyningslinjer til vennlege statar sentralt i Tyskland via Nördlingen og Nürnberg, samt ha ein god stad å krysse Donau for nye forsyningar så snart dei allierte var sør for elva.
Opptakt Forsvaret av Schellenberg Schellenberghøgda dominerer nordaust for Donauwörth – ein innmurt by ved samløpet mellom Wörnitz og Donau. Forsvarsverka på haugen var derimot gamle, mellom anna ei 70 år gammal festning bygd av den svenske kongen Gustav Adolf under trettiårskrigen, og i forfallen tilstand. Den fransk-bayerske styrken forsterka dei gamle festningsverka, men frå sida der åtaket til Marlborough kom var festningsvollane bygde av kratt dekte av eit tynt lag med jord.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 357 (See 'Schellenberg' map below.)
I 1703 hadde marskalk Villars rådgjeve kurfyrsten om å forsterke byane sine, og framfor alt Schellenberg, som Gustav hadde vist var særs viktig.Churchill: Marlborough: His Life and Times, 787 Kurfyrsten hadde derimot eit dårleg forhold til Villars og ignorerte først rådet om å reparere dei forfalne festningsverka. Då han forstod at Donauwörth var i ferd med å bli angripen, vart grev d'Arco send for å forsterke og halde stillinga. D'Arco fekk med seg 12 000 mann.
Dei første manøvrane
Natt til 2. juli låg dei allierte i leir ved Armerdingen, 24 km frå Donauwörth. Det var her Marlborough fekk hastemeldinga frå baron Moltenburg, generaladjutanten til prins Eugene, om at marskalk Tallard var på veg med 35 000 soldat gjennom Schwarzwald for å forsterke den fransk-bayerske armeen. Denne meldinga overtydde Marlborough om at han ikkje hadde tid til ei langvarig omleiring, og trass i protestar frå Baden, kom han fram til at eit direkte åtak på stillinga var det beste, trass i faren for store tap.Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 31 D'Arco kjende til den allierte leiren ved Armerdingen, og var sikker på at han hadde minst ein heil dag og ei heil natt til å førebu forsvaret.
Kl 0300 den 2. juli byrja den allierte fortroppen å bryte leir for å marsjere mot Donauwörth og Schellenberg.Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 176 Marlborough oversåg personleg framrykkinga av den første styrken på 5 850 soldatar. Den nederlandske generalen Johan Wijnand van Goor leia denne fortroppen. Bak desse kom 12 000 allierte infanteristar under generalmajor Henry Withers og grev Horn, med støtte av Henry Lumley og Graf Reynard van Hompesch sine 35 skvadronar av britisk og nederlandsk kavaleri og dragonar. I alt sette dei allierte 22 000 mann ut i operasjonen.
Langt føre armeen sin, undersøkte Marlborough personleg dei fiendtlege stillingane, og observerte gjennom teleskopet sitt førebuingane for ein leir på den andre sida av elva i påvente av at hovudstyrken til kurfyrsten skulle kome fram dagen etter.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 359 Det var derfor ingen tid å tape. Sjølv om hertugen hadde 12 timar med dagslys, strevde mennene hans framleis i gjørma fleire kilometer bak ved elva Wörnitz, og dei kunne ikkje håpe på å starte eit åtak før kring 1800, som berre gav få timar med dagslys.Churchill: Marlborough: His Life and Times, 793. Samstundes som dei allierte byrja forsvarsverka ved Donauwörth og Schellenberg for alvor å ta form.La Colonie: Chronicles of an Old Campaigner, 1692–1717, 179
Det allierte kavaleriet kom fram kring 000, 8–10 km frå venstresida til d'Arco, etterfølgd av infanteriet. Kl. 1000 byrja generalintendant William Cadogan å markere ut eit landområde for ein leir som dei kunne sjå frå Schellenberg, for å gje inntrykk av at dei planla ei lengre omleiring.Churchill: Marlborough: His Life and Times, 795 Grev d'Arco såg førebuingane til Cadogan, og let seg lure. Han forlet oppsynet av dei uferdige forsvarsverka for å ta lunch med den franske kommandanten i Donauwörth, oberst DuBordet, i den tru at han hadde resten av dagen og natta på å gjere ferdig forsvarsverket.Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 177 Troppane heldt derimot berre fram marsjen og hadde ut på ettermiddagen kryssa elva Wörnitz ved Ebermorgen, for å gå til åtak så snart som mogeleg. Dei allierte vart oppdaga av den bayerske utposten, som sette Berg og omliggande grensder i brann, før dei styrta av stad for å slå alarm. General d'Arco vart avbroten midt i lunchen, og styrta opp til Schellenberg og ropte på mennene for å klargjere dei til kamp.Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 33
Slaget Det første åtaket til Marlborough mini|170px|Hertugen av Marlborough, (1650–1722) av Sir Godfrey Kneller.
Sjølv om Marlborough visste at eit frontalåtak mot Schellenberg ville koste dyr, var han overtydd om at det var den einaste måten å sikre ei rask erobring av byen. Med mindre han tok toppen før mørket kom, ville han aldri klare å ta han, og den fransk-bayerske hovudarmeen, var på rask veg frå Dillingen mot Donauwörth for å forsvare stillinga. Kring 17:00, som ei førebuing til åtaket, hamra artillerikommandanten til Marlborough, oberst Holcroft Blood, laus mot fienden frå ei stilling nær Berg. For kvar salve svarte d'Arco med kanonane sine frå fortet til Gustav og frå like utanfor Boschbergskogen.
mini|venstre|170px|Ludvig Vilhelm, markgreve av Baden-Baden (1655–1707).
General d'Arco gav no ordre til de la Colonie sine franske grenaderar på toppen av høgda (oppfor brystvernet bemanna av bayerane), om å skyte mot alle hol i forsvarsverka når den tid kom. Sidan toppen var så pass flat, gav dette mennene hans mindre vern frå dei allierte kanonane. Oberst Blood merka seg dette, og klarte å påføre mennene til de la Colonie alvorlege tap.Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 179 Trass i dette, og trass i at han tapte fem offiserar og 80 grenaderar før dei hadde fått avfyrt eit einaste skot, insisterte de la Colonie på at det franske regimentet hans skulle halde stillinga si, sidan han ønskte god orden når dei vart kalla ut i kamp.La Colonie: Chronicles of an Old Campaigner, 1692–1717, 183. De la Colonie
Det var akkurat nok tid før mørkret til å storme stillingane på nordsida (hovudsakleg opp den brattaste delen av haugen), men ikkje nok tid til å utvikle åtak frå begge sider.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 360 Åtaket gjekk inn kring 18:00, leia av fortroppen. Denne styrken på 80 engelske grenaderar leia av vicomte Mordaunt og oberst Richard Munden, vart utført for å tiltrekkje seg fiendtleg eld slik at dei allierte kommandantane kunne sjå kvar forsvaret til fienden stod sterkast.Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 179. Hovudstyrken følgde tett bak.
Etter kvart som dei allierte nærma seg vart dei enkle mål for muskett- og kardeskelden til den fransk-bayerske styrken. Forvirringa vart forsterka av kvesande handgranatar som vart kasta ned bakken av dei forsvarande.Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 34 For å hjelpe åtaket hadde kvar alliert soldat med seg kvister og greiner for å lage ei bru over grøfta føre brystvernet for slik å kome seg raskare over. Men dette vart i staden kasta ned i ei tørr grøft som sommarregnet hadde skapt, i staden for forsvarsgrøfta til bayerane om lag 45 meter lenger framme. Likevel pressa dei allierte på framover og hamna i mann-mot-mann-kamp med bayerane. Åtaket klarte derimot ikkje å bryte gjennom forsvaret, og dei allierte vart tvungen attende i linjene sine. General Van Goor, ein av Marlborough sine favorittar, som hadde leia åtaket, var av dei falne.