Omleiringa av Barcelona fann stad mellom 3. og 27. april 1706 under den spanske arvefølgjekrigen då ein fransk-spansk arme leia av Filip V kringsette Barcelona i eit forsøk på å gjenerobre byen etter at han fall til ein engelskleia alliert styrke året før.
Omleiringa vart gjeven opp då ein stor engelsk flåte kommandert av John Leake kom med forsterkingar. Den fransk-spanske armeen vart tvungen til å forlate forsyningane og artilleriet sitt i hastverket dei hadde med å gjere retrett. Filip var avskoren frå å reise attende til Madrid, så han reiste inn i Frankrike. Barcelona vart verande i allierte hender fram til 1714.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Siege of Barcelona (1706)» frå , den 23. desember 2011.
Barcelona 1706 Kategori:Konfliktar i 1706 Kategori:Barcelona Barcelona 1706 Barcelona 1706 Barcelona 1706 Barcelona 1706 Barcelona 1706