Omleiringa av St. John's var eit mislukka forsøk av franske styrkar leia av Daniel d'Auger de Subercase på å ta fortet i St. John's på Newfoundland vinteren 1705. Subercase leia ein blanda styrke av vernepliktige, militssoldatar og indianarar og brende ned mykje av byen og kringsette fortet i fem veker mellom seint i januar og tidleg i mars 1705. Subercase heva kringsetjinga då han gjekk tom for forsyningar.

Omleiringa var ein del av ein større ekspedisjon der dei prøvde å gjenta særs øydelegglande tokt leia av Pierre Le Moyne d'Iberville i 1696. Mange fjerntliggande engelske samfunn vart øydelagde av mennene til Subercase, som førte til hemntokt frå engelskmennene. Fiske for begge sidene leid hardt under krigen, som enda med at franskmennene måtte avstå krava sine om Newfoundland.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Siege of St. John's» frå , den 23. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konfliktar i 1705 St. Johns 1705 St. Johns 1705 St. Johns 1705 Kategori:Historia til Newfoundland og Labrador Kategori:Ny-Frankrike