1918 (romartal MCMXVIII) var eit år i 1910-åra. Dette året tok den første verdskrigen slutt, og mellomkrigstida byrja. Dette året fann det stad store omveltingar i Europa, der rike som Austerrike-Ungarn og Det russiske imperiet gjekk i oppløysing, medan ei rekkje nye land oppstod. Sovjetunionen blei danna i løpet av året.
mini|Verigar-frimerke av ein slave som bryt lenkjene sine, eit symbol på slavisk frigjering frå Austerrike-Ungarn. Frimerket blei utforma under den kortliva Staten av slovenar, kroatar og serbarar (1918), men kom ut året etter, då staten var gått inn i Kongeriket av slovenar, kroatar og serbarar.
Hendingar Utlandet Januar: Spanskesjuka blei først observert. 25. januar: Sovjetkongressen i Russland erklærte landet som sovjetrepublikk. 28. januar: Borgarkrig braut ut i Finland, han skulle vara til 5. mai. 14. februar: Sovjetunionen gjekk over til den gregorianske kalenderen. Landet hoppa frå 1. februar i den julianske kalenderen til 14. i den gregorianske. 16. februar: Litauen erklærte sjølvstende frå Det russiske imperiet og Tyskland. 23. februar: Estland erklærte sjølvstende frå Det russiske imperiet. 28. februar: Den siste carolinaparakitten, den einaste nordamerikanske papegøyearten, døydde i Cincinnati Zoo. August: Den døyelege andrebølgja av spanskesjuka braut ut i Afrika, Europa og Nord-Amerika. 28. oktober: Tsjekkoslovakia erklærte sjølvstende frå Austerrike-Ungarn. 29. oktober: Staten av slovenar, kroatar og serbarar erklærte sjølvstende frå Austerrike-Ungarn. Staten fekk ikkje internasjonal anerkjenning før det gjekk inn i Kongeriket av serbarar, kroatar og slovenarar. 30. oktober: Kongedømet Jemen fekk sjølvstende frå Osmanarriket. 9. november: Keisar Vilhelm II av Tyskland abdiserte og drog i eksil. 11. november: Fyrste verdskrigen tok slutt. Karl av Austerrike-Ungarn sa frå seg si absolutte regjeringsmakt i Austerrike og erklærte austerrikarane sin rett til å velja styreform, men abdiserte ikkje. Polen erklærte sjølvstende som Den andre polske republikken 12. november: Austerrike erklærte seg som republikk. 16. november: Ungarn erklærte sjølvstende frå Austerrike som republikk. 18. november: Latvia erklærte sjølvstende. 28. november: Den estiske sjølvstendekrigen byrja då russiske styrkar gjekk inn i Estland. 1. desember: Kongeriket av serbarar, kroatar og slovenarar, seinare kjend som Jugoslavia, blei danna.
Noreg
Fødde
mini|Vidar Sandbeck fødd 21. juli 1918
11. januar: Gunnar Sønsteby, norsk motstandsmann 15. januar: Gamal Abd al-Nasser, egyptisk offiser og president 26. januar: Nicolae Ceauşescu, rumensk diktator 11. februar: Anne Stine Ingstad, norsk arkeolog 4. mai: Kakuei Tanaka, japansk statsminister 25. mai: Fredrik Kayser, norsk offiser i Kompani Linge under andre verdskrigen 21. juli: Vidar Sandbeck, norsk visesongar, visediktar og forfattar 18. august: Elsa Morante, italiensk forfattar 9. oktober: Lila Kedrova, russisk skodespelar 27. oktober: Teresa Wright, amerikansk skodespelar 25. desember: Anwar Sadat, egyptisk president
Døde mini|Egon Schiele døydde i 1918, 28 år gammal
6. februar: Gustav Klimt, austerriksk kunstnar 10. februar: Abd ül-Hamid II, siste sultanen i Det osmanske riket 15. mars: Lili Boulanger, fransk komponist 25. mars: Claude Debussy, fransk komponist 28. april: Gavrilo Princip, bosnisk-serbisk attentatmann 29. april: Arnold von Siemens, tysk industrileiar 19. mai: Ferdinand Hodler, sveitsisk målar 25. mai: Carl Berner, norsk politikar 31. mai: Helene von Druskowitz, austerriksk filosof og skribent 10. juni: Arrigo Boito, italiensk toneskapar og forfattar 17. juli: Nikolaj II av Russland, tidlegare tsar (avretta) 15. august: Jakob Jakobsen, færøysk forfattar 7. september: Peter Ludvig Meidell Sylow, norsk matematikar 26. oktober: Ethel Dickenson, kanadisk sjukepleiar 31. oktober: Egon Schiele, austerriksk målar 4. november: Wilfred Owen, britisk diktar og soldat (fall) 15. november: Amund Helland, norsk geolog 26. desember: Adelsteen Normann, norsk kunstnar
Bakgrunnsstoff