Corno Nero («Svarthorn») er ein 4 322 meter høg fjelltopp i Monte Rosa-massivet i den italienske delen av Wallis-Alpane.
Toppen ligg på kammen som går sørover frå Ludwigshöhe til Vincent-pyramiden. Dei næraste stadene er Zermatt i Sveits, og på den italienske sida Alagna.
Historie Corno Nero blei første gong klatra 18. august 1873. Klatrarane var Marco Maglionini og Albert de Rothschild med hjelp av fjellførarane Eduard Cupelin og Peter og Nikolaus Knubel.
Ruter Den vanlegaste normalruta er ein bretur med passasjar over fast fjell, og går frå den italienske sida over hytta Gnifettihytta (3.647 moh.) over nordvestflanken og over Zurbriggenjoch til toppen. Ein må då gå på firnsnø i opp til 43° og på det vanskelegaste meistre gradering I på UIAA sin skala. Turen tar i alt 2½–3 timar frå Gnifettihytta. Oppstiginga over sørvestflanken og Vincentjoch har ein vanske på I+ på UIAA-skalaen og går i opp til 40° på firn. Òg for denne ruta handlar det stort sett om ein bretur. I alt 2½ time frå Gnifettihytta.
Begge rutene kan gåast på vinteren og våren. Skidepot under toppen.
Litteratur Michael Waeber, Walliser Alpen. Gebietsführer, Bergverlag Rother, München 2003, ISBN 3-7633-2416-X Helmut Dumler, Willi P. Burkhardt, Viertausender der Alpen ,Bergverlag Rother, München 2001, ISBN 3-7633-7427-2
Bakgrunnsstoff Corno Nero/Schwarzhorn på 4000er.de
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia