Telinet Energi AS er eit norsk energileverandørsselskap som vart etablert i 2003.
Selskapet er miljøsertifisert gjennom ordninga Miljøfyrtårn og er klimanøytralt. Bedrifta tilbyr 100% fornybar energi gjennom opphavsgaranti på straum til både private hushald og bedrifter.
Telinet sel produkt innan ENØK som anten skal redusere straumforbruket eller vere elektriske alternativ til produkt som i dag nyttar andre energikjelder gjennom dotterselskapet Telinet Miljøprodukter AS. Salet av el-syklar gjerast på eit eige nettsted el-sykkel.no. I Sverige er selskapet inne på slutbrukarmarknaden gjennom dotterselskapet Telinet Energi AB. Telinet er produsent av fornybar energi, og har vindkraftverk på Öland i Sverige.
Telinet Energi har hatt førsteplass på Konkurransetilsynets oversyn over spotpris sidan veke 24 i 2012. På Konkurransetilsynets oversyn over standard variabel pris har Telinet Energi hatt den lågaste gjennomsnittlege prisen i 2011, 2012, 2013 og 2014.
Organisasjonsform: Aksjeselskap Org.nr: 985 283 648 Etablert: 10. januar 2003 Bransje: elektrisk energi
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Telinet Energi Telinet Miljøprodukter Kraftprisoversikta til Konkurransetilsynet
Kategori:Norske kraftselskap Kategori:Skipingar i 2003