Leopold Kronecker () var ein tysk matematikar. Bror hans var fysiologen Hugo Kronecker (1839–1914).

Liv Leopold Kronecker kom frå ein velståande, jødisk kjøpmannsfamilie. Han fekk ei god utdanning, først av ein privatlærar, deretter på gymnaset i Liegnitz, der han blant anna vart undervist av matematikklæraren, og seinare universitetsprofessoren, Ernst Eduard Kummer.

I 1841 byrja han å studere filosofi på Universitetet i Berlin og gjekk på eit breitt spektrum av forelesningar i matematikk, naturvitskap, filosofi og klassisk filologi. Etter korte opphald på universiteta i Bonn og Breslau vende han tilbake til Berlin i 1844, der han avla doktorgrad i filosofi med arbeidet «De Unitatibus Complexis» (Om komplekse einingar).

Deretter forlét han universitetet og arbeidde nokre år som ein svært vellukka forretningsmann. I 1855 var han økonomisk uavhengig og vende tilbake til Universitetet i Berlin som sjølvfinansisert vitskapsmann. Blant elevane hans var Georg Cantor. I 1861 vart Kronecker medlem av Det prøyssiske vitskapsakademiet. I 1868 takka han nei til å bli professor i Göttingen. Han vart i Berlin og i 1883 tok han over stillinga til den tidlegare læraren sin Kummer. Saman med Weierstrass, Helmholtz, Schröter og Fuchs gav han ut tidsskriftet Journal für Mathematik som var grunnlagt av August Leopold Crelle.

Leopold Kronecker døydde den 29. desember 1891 av etterverknadene av bronkitt. Han er gravlagt på den evangeliske gravlunden Alten St.-Matthäus-Kirchhof i Tempelhof-Schöneberg.

Arbeid Forskinga hans gav grunnleggande bidrag til algebra og talteori, samt matematisk analyse og funksjonsteori. I løpet av tida vart han tilhengar av finitismen, som berre aksepterer matematiske objekt som kan konstruerast eksplisitt, og freista å definere matematikk berre med grunnlag i dei naturlege tala. Derigjennom kom han i konflikt med mange viktige matematikarar i samtida, spesielt gjekk han offentleg til åtak på Georg Cantor og hans mengdelære, som for ein stor del er svært lite konstruktiv. Kronecker var overtydd om at mengdelæra ikkje hadde noko å tilføre den konkrete analysen. Ei av utsegnene hans har vorte spesielt berømt: «Dei naturlege tala har Gud skapt; alt anna er verka til menneska.»H. Weber: Leopold Kronecker. I: Årsberetningen til den tyske matematiker-samskipnaden 2 (1893), p. 19 Kroneckers finitisme gjorde han til ein forløpar for matematisk konstruktivisme.

Fleire matematiske omgrep har vorte kalla opp etter han. Kronecker-Webers teorem, Kronecker-delta, Kronecker-symbolet og Kronecker-produktet.

thumb|Kroneckers grav (St. Matthäus, Berlin)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Leopold Kronecker» frå , den 11. januar 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Weber „Kronecker“, Jahresbericht DMV Bd.2, 1891/2 Håndskrevne forelesninger av Kronecker digitalisert av SICD - Universitetene i Strasbourg

Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Talteoretikarar Kategori:Tyske jødar Kategori:Medlemmar av Det kongelege danske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det prøyssiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society