Ørskog kyrkje er ei langkyrkje frå 1873 på Sjøholt i Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylke.
Byggverket er i tre og har 650 plassar.
Det tidlegare kyrkjebygget på staden, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart seld for 750 spesidalar og flytta til Leikong på Gurskøya.Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur. Bla: Larsnes. J.F.L. Dreiers bilete frå 1826 viser det tidlegare kyrkjebygget på Sjøholt.
mini|venstre|Ørskog kyrkje. Fram til 1673 omfatta Ørskog prestegjeld heile austre Sunnmøre det som no er kommunane Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylen og Ørskog.. I 1673 vart Norddal med Geiranger og Sunnylven skilt ut som eige prestegjeld, fram til 1673 var presten i Norddal formelt «residerande kappellan». I 1759 vart Stranda med Stordal skilt ut som eige prestegjeld.Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
Det er kyrkjegard ved kyrkja. Nokre hundre meter aust er prestegarden.
Prestar ListaLampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer. er ikkje fullstendig. Ibe Hansen Rafnsberg 1707-1719 Hans Jakob Hjort 1720-1758 Niels Astrup 1759-1792 (son til fut Niels Astrup, bror av presten Otto Finde Astrup i NorddalLampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel ) Nicolai Astrup 1792-1802 (son av førre presten) Joachim Frederik Kielstrup 1802-1817 Lars Jessen 1818-1829 (svigerson av presten Nicolai Astrup)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
JFL Dreiers bilete frå 1826 på Digitalt Museum
Kategori:Kyrkjer i Ålesund Kategori:Kulturminne i Ålesund Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1873 Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Kyrkjer i Nordre Sunnmøre prosti Kategori:Ørskog