Hedy Schlunegger () var ein sveitsisk skirennar frå Wengen. Ho vann gullmedaljen i utforrennet under vinter-OL 1948 i St. Moritz.

Schlunegger vart sveitsisk meister i utfor i åra 1942, 1944, 1946, 1947. Dei to siste åra vart ho nasjonal meister også i kombinasjonsøvinga, som ho elles hadde vunne første gongen i 1943. Under vinterolympiaden 1948, på sveitsisk snø, kom ho i utforrennet i mål på tida 2.28,3, åtte tidels sekund betre enn sølvvinnaren Trude Beiser frå Austerrike.

Etter at ho la opp som aktiv alpinist, dreiv Schlunegger ein sportsbutikk i Grindelwald saman med ektemannen. Ho døydde i Grindelwald i 2003. Skirennaren Martina Schild er dotterdotter hennar.

Bakgrunnsstoff Biografi Denne artikkelen bygger på «Hedy Schlunegger» frå , den 17. januar 2012.

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Olympiske meistrar for Sveits Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1948