Pinerolo (fransk Pignerol ) er ein by og kommune nordvest i Italia, 40 km sørvest for Torino ved elva Chisone. Byen har kring 35 000 innbyggjarar.

Den militære hovslagarskulen (grunnlagd 1882) som finst her, er den einaste i slaget sitt i Italia.

Geografi Byen ligg 37 km frå Torino på låglandet ved munningen av Val Chisone. Kommunen ligg på venstresida av elva Chisone, like før ho munnar ut i elva Pellice, som igjen like etter munnar ut i Po.

Sport Under dei olympiske vinterleikane 2006 vart konkurransane i curling arrangert her.

Pinerolo var målby for den 17. etappen av Tour de France 2011.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pinerolo» frå , den 19. januar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Piemonte Kategori:Vinter-OL 2006