Carole King Klein () er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og musikar som har vore aktiv sidan 1958, først som fast låtskrivar i Brill Building og seinare som soloartist. Ho vert rekna som ein av dei viktigaste og mest innverknadsrike musikarane gjennom tidene, og er den mest suksessrike kvinnelege låtskrivaren på siste halvdel av 1900-talet i USA, og har skrive eller vore medlåtskrivar på 118 pophittar på Billboard Hot 100. King skreiv òg 61 hittar som gjekk inn på singellista i Storbritannia, som gjorde ho til den mest suksessrike, kvinnelege låtskrivaren på den brtiiske singellista mellom 1962 og 2005.David Roberts, Guinness Book of British Hit Singles, 2005. .

Den store suksessen til King byrja i 1960-åra då ho og den første ektemannen hennar, Gerry Goffin, skreiv meir enn to dusin hittar for ei rekkje artistar. Mange av desse vart standardar. Ho har halde fram å skrive for andre artistar sidan den gongen. King sin suksess som artist på eiga hand kom ikkje før i 1970-åra, då ho song sine eigne songar, og akkompagnerte seg sjølv på piano på ei rekkje album og konsertar. Etter å ha opplevd skuffande salstal med debutplata Writer, fekk King det store gjennombrotet sitt med Tapestry, som låg 15 veker på toppen av den amerikanske albumlista i 1971 og låg inne på lista i ytterlegare seks år.

King har gjeve ut 25 soloalbum og det mest suksessrike er Tapestry, som heldt rekorden for flest veker på toppen av lista av ein kvinnelege artist for meir en 20 år. Platesalet hennar er estimert til meir enn 75 millionar plater verda over.«Carole King and James Taylor Troubadour Reunion Comes to an End» 20. juli 2010, Anit Music.com[ King Bio at Allmusic.com] Ho har vunne fire Grammyprisar og vart innlemma i Songwriters Hall of Fame. Ho er innlemma to gonger i Rock and Roll Hall of Fame, som artist og låtskrivar. I 2013 mottok ho Gerswhin-prisen for popsong av Library of Congress, som den første kvinna.«Librarian of Congress Names Carole King Next Recipient of the Library of Congress Gershwin Prize for Popular Song» 12. desember 2012, www.loc.gov Ho er òg tildelt Kennedy Center Honors i 2015.

Tidleg liv og utdanning King vart fødd Carol Joan Klein den 9. februar 1942 på Manhattan i New York City, for dei jødiske foreldra Eugenia (fødd Cammer), ei lærarinne, og Sidney N. Klein, ein brannmann. Foreldra til King møttest i ein heis i 1936 i Brooklyn College, der faren studerte kjemi og mora studerte engelsk og drama.

Dei gifta seg i 1937 under det siste året av den store depresjonen. Mora til King gav seg med studiane for å ta seg av hushaldet, og faren slutta studiane for å ta ein jobb som radioannonsør. Då økonomien sleit, tok han ein tryggare jobb som brannmann. Etter at King vart fødd, vart foreldra hennar i Brooklyn og kunne til slutt kjøpa ein liten to-etasjers dupleks der dei kunne leiga ut den øvste etasjen.

Mora til King hadde lært å spela piano som barn, og etter å ha kjøpt eit piano, øvde ho nokre gangar. Då King utvikla ein umetteleg forvitenskap på musikk frå ho var rundt tre, byrja mora å læra henne grunnleggande pianoevner, utan å gje henne faktiske leksjonar. Då King var fire, oppdaga foreldra at ho hadde absolutt gehør, som gjorde det mogleg for henne å namngi ein note riktig berre ved å høyra han. Faren til King likte å visa fram dugleiken til dottera til venner på besøk: «Smilet til faren min var så breitt at det dekte den nedre halvdelen av andletet hans. Eg likte å gjera faren min glad og få notane riktig.»

Mora til King byrja å gi henne ekte musikktimar då ho var fire medan King sat på pianokrakken, som var gjort høgare av ei telefonbok. Med mora ved sida av seg, lærte King musikkteori og elementær pianoteknikk, mellom anna korleis ein les notar og utfører riktig tempo. King ønskte å læra så mykje som mogleg: «Mora mi tvinga meg aldri til å øva. Ho trong ikkje. Eg ønskte så mykje å meistra dei populære songane som strøymde ut av radioen.»

King byrja i barnehage då ho var fire, og etter det første året vart ho flytta direkte opp i andre klasse, og viste eit eksepsjonelt anlegg med ord og tal. På 1950-talet gjekk ho på James Madison High School. Ho danna eit band kalla The Co-Sines, endra namn frå Carol Klein til Carole King, og laga demoplater med vennen Paul Simon for $25 per økt. Den første offisielle innspelinga hennar var reklamesingelen «The Right Girl», gjeve ut av ABC-Paramount i 1958, som ho skreiv og song til eit arrangement av Don Costa.

King gjekk på Queens College, der ho møtte Gerry Goffin, som skulle bli hennar låtskriverpartner. Då ho var 17 gifta dei seg i ein jødisk seremoni på Long Island i august 1959 etter at King vart gravid med den første dottera hennar, Louise. Dei slutta på college og tok dagjobbar, Goffin jobba som assistentkjemikar og King som sekretær. Dei skreiv songar saman om kvelden.

Neil Sedaka, som hadde vore kjæraste med King då han framleis gjekk på vidaregåande, hadde ein hit i 1959 med «Oh! Carol». Goffin tok melodien og skreiv den leikne responsen, «Oh! Neil», som King spelte inn og gav ut som singel same år. B-sida inneheldt Goffin-King-songen «A Very Special Boy». Singelen var ingen suksess. Etter å ha skrive The Shirelles-hitten som gjekk til topps på Billboard Hot 100, «Will You Love Me Tomorrow», den første songen på toppen av lista av ei svart jentegruppe, gav Goffin og King opp dagjobbane sine for å konsentrera seg om å skriva. «Will You Love Me Tomorrow» vart ein standard.

1960-åra I løpet av sekstitallet, med King som komponerte musikken og Goffin som skreiv tekstane, skreiv dei to ei rekkje klassiske songar for ei rekkje artistar. King og Goffin var òg låtskriverteamet bak Don Kirshner sitt Dimension Records, som produserte songar som «Chains» (seinare spelt inn av The Beatles), «The Loco-Motion», «Keep Your Hands off My Baby» (begge for barnevakta deira Little Eva), og «It Might as Well Rain Until September», som King spelte inn sjølv i 1962 – den første hitten hennar. King spelte inn nokre få oppfølgingssinglar i kjølvatnet av «September», men ingen av dei selde mykje, og hennar allereie sporadiske innspelingskarriere vart fullstendig forlaten (om enn mellombels) i 1966.

Andre songar frå den tidlege perioden til King (fram til 1967) inkluderer «Half Way To Paradise» for Tony Orlando, spelt inn av Billy Fury i Storbritannia, «Take Good Care of My Baby» for Bobby Vee, «Up on the Roof» for The Drifters, «I'm into Something Good» for Earl-Jean (seinare spelt inn av Herman's Hermits), «One Fine Day» for The Chiffons og «Pleasant Valley Sunday» for The Monkees (inspirert av flyttinga deira til forstaden West Orange i New Jersey),La Gorce, Tammy. New Jersey's Magic Moments , The New York Times, 30. oktober 2005. Vitja 25. november 2007. og «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» for Aretha Franklin. Duoen skreiv fleire songar spelt inn av Dusty Springfield, inkludert «Goin' Back» og «Some of Your Lovin'».

I 1968 vart Goffin og King skilt og byrja å mista kontakten. King flytta til Laurel Canyon i Los Angeles med sine to døtrer og starta opp att innspelingskarrieren ved å danna «The City», ein musikktrio beståande av Charles Larkey, den framtidige ektemannen hennar, på bass; Danny Kortchmar på gitar og vokal; og King på piano og vokal. The City produserte eitt album, Now That Everything's Been Said i 1968, men motviljen King hadde mot å spela live gjorde at salet gjekk treigt. Eit byte av distributørar gjorde at albumet raskt vart sletta og gruppa vart oppløyst i 1969. Albumet vart gjenoppdaga av Classic Rock-radio på byrjinga av 1980-talet, og sporet «Snow Queen» vart noko spelt på radio i nokre år. Cleveland-stasjonen WMMS spelte ho med nokre få vekers mellomrom frå 1981 til 1985, og LP-en som var utselt for lenge sidan vart ettertrakta av fans av Carole King som liker den kvasse musikkstilen.

1970-åra, Tapestry Medan ho var i Laurel Canyon, møtte King James Taylor og Joni Mitchell og dessutan Toni Stern, som ho samarbeidde med på songar. King laga det første soloalbumet sitt, Writer, i 1970 for Lou Adler-selskapet Ode, med Taylor som spelte akustisk gitar og stod for korvokal. Det nådde 84. plassen på Billboard Top 200. Same året spelte King klaverinstrument på B.B. King-albumet Indianola Mississippi Seeds.

King følgde Writer i 1971 med Tapestry, som inneheldt nye songar og dessutan nytolkningar av «Will You Love Me Tomorrow» og «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman». Albumet vart spelt inn samtidig med Taylor sitt Mud Slide Slim, med eit overlappande sett med musikarar inkludert King, Danny Kortchmar og Joni Mitchell. Begge albuma inkluderte «You've Got a Friend», som gjekk til topps på den amerikanske singellista for Taylor. King sa i eit intervju frå 1972 at ho «ikkje skreiv songen med James eller nokon andre spesifikt i tankane. Men då James høyrde han likte han verkeleg songen og ønskte å spela han inn».

Tapestry vart ein umiddelbar suksess. Med ei rekkje hitsingler – inkludert ei topplassering på Billboard-lista med «It's Too Late» - heldt Tapestry toppen av albumlista i 15 veker på rad, og låg inne på lista i nesten seks år. Det har selt over 25 millionar eksemplar over heile verda. Albumet fekk fire Grammyprisar inkludert Årets album; Beste popvokalopptreden for ei kvinne; Årets plate («It's Too Late», tekst av Toni Stern); og Årets song, med King som den første kvinna til å vinna prisen («You've Got a Friend»). Albumet dukka opp på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene på 36. plassen. I tillegg vart «It's Too Late» nummer 469 på Rolling Stone si liste over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Carole King: Music vart utgjeve i desember 1971 og selde til gullplate 9. desember 1971. Det kom inn på åttandeplassen i USA og vart den første av mange veker Tapestry og Carole King: Music låg inne på topp 10 samstundes. Veka etter klatra ho til tredjeplassen og nådde til slutt toppen av lista 1. januar 1972, og vart der i tre veker. Albumet gav òg ein topp 10-hit, «Sweet Seasons» (USA nr.9 og AC nr.2). Carole King: Music heldt seg på Billboard-lista i 44 veker og vart til slutt sertifisert til platinaplate.

Rhymes and Reasons (1972) og Fantasy (1973) følgde, som kvar selde til gullplate. Rhymes and Reasons produserte nok ein singel, «Been to Canaan»" (US nr.24 og AC nr.1), og Fantasy produserte to, «Believe in Humanity» (USA nr.28) og «Corazon» (US nr.37 og AC nr.5), så vel som ein annan song som gjekk inn på Hot 100, «You Light Up My Life» (USA nr.67 og AC nr.6).

I 1973 framførte King ein gratiskonsert i Central Park i New York City med 100 000 tilstades.

I september 1974 gav King ut albumet sitt Wrap Around Joy, som vart selde til gullplate 16. oktober 1974, og kom inn på topp ti på 7. plass 19. oktober 1974. To veker seinare vart albumet det tredje av King som nådde toppen av lista. Wrap Around Joy skapte to singlar, «Jazzman» og «Nightingale». «Jazzman» nådde andreplassen i november, men fall ut av topp ti veka etter. «Nightingale» gjekk til niandeplassen 1. mars 1975.

I 1975 spelte King inn songar for den animerte TV-produksjonen av Maurice Sendak, Really Rosie, utgjeven som eit album med same namn, med tekstar av Sendak.

Thoroughbred (1976) var det siste studioalbumet ho laga under Ode-etiketten. I tillegg til å verva dei mangeårige vennene sine som David Crosby, Graham Nash, James Taylor og Waddy Wachtel, vart King gjenforeina med Gerry Goffin for å skriva fire songar til albumet. Partnarskapet deira fortsette med jamne mellomrom. King gjorde òg ein kampanjeturné for albumet i 1976.

Etter å ha spelt King sin «Goin' Back» 17.–18. oktober 1975 på to av hans høgprofilerte konsertar på Roxy, dukka Bruce Springsteen opp personleg på Beacon Theatre i New York 7. mars 1976, for å synga «The Loco-Motion» med King for det siste ekstranummeret den kvelden.