Innocens XI () var pave frå 1676 til 1689.

Han reformerte kurien, førte finansane til pavestolen i orden og prøvde å umogeleggjere nepotisme. Han stilte seg avvisande til delar av morallæra eller probabilismen til jesuittane, men forkasta òg kvietismen til Miguel de Molinos. Han var i stadig strid med Ludvig XIV av Frankrike på grunn av absoluttistiske krav på å styre den franske kyrkja, kalla gallikanisme. Paven protesterte mot forfølginga av hugenottane i Frankrike etter at ediktet i Nantes vart oppheva i 1685. Han arbeidde for fred og einskap i Europa og fekk oppretta ein pakt mellom den polske kongen Jan III Sobieski og keisar Leopold I av Det tysk-romerske riket. Denne pakta var avgjerande for å frigjere Wien frå tyrkarane si kringsetjing av Wien i 1683.

Innocens XI vert rekna for den mest merkverdige paven på 1600-talet. På grunn av den uklanderlege livsførselen sin, generøsiteten mot dei fattige og ønsket om å fred, vart kanoniseringa av han innleidd, mot franske protestar. Paven vart saligkåra i 1956.

Kjelder Innocens 11. (2012-01-21) I Store norske leksikon.

Kategori:Folk frå Como Kategori:Italienske pavar Kategori:Folk frå den store tyrkiske krigen Kategori:Saligkåra personar